Sport | 17. nov. 2011

Nielsen tilbake til Os

Han trente Os 2 opp til 3. divisjon og rykte i år opp med Bergen Nord. No kjem Tore Nielsen tilbake til Kuventræ.

Nielsen tilbake til Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. nov. 2011 07:46

Tore Nielsen kjem tilbake til Os for å assistera Tim Henrik Sperrevik med Os og Os 2.

– Tore gjorde ein fantastisk jobb sist han var i Os, både med oss og spesielt med ungdomen, seier den nye hovudtrenaren, som sjølv spelte då Nielsen trente Os saman med Frank Hellevik.

– Først fekk han andrelaget vårt opp i 3. divisjon i 2009, så, i 2010, sørgja han for at andrelaget plasserte seg så godt på tabellen at dei ville ha halde seg, trass i at divisjonen blei kraftig redusert det året, om ikkje A-laget hadde rykt ned frå 2. divisjon.

Nytt opprykk i 2011

Etter suksessen i Os gjekk Nielsen vidare til Bergen Nord i forkant av årets sesong. Bergen Nord rykte opp til 3. divisjon etter årets sesong og blei i tillegg kretsmeistrar.

– Det var ein ung stall og vi hadde 8-9 juniorar frå start i kvar kamp. Til sommaren låg vi 8 poeng bak serieleiaren, men etter ein god haustsesong med éin uavgjort og resten full pott blei det opprykk, seier Nielsen.

Nielsen bur på Søfteland. Både nærleiken til Os, ambisjonane for framtida, anlegget på Kuventræ og folka i Os var med på å få Tore tilbake.

– Etter at spelarane blei informert har eg fått mange fine tilbakemeldingar og tekstmeldingar, det synes eg er veldig kjekt. Det skal bli spennande å sjå gutane i aksjon igjen, også desse som så vidt prøvde seg på seniornivå sist eg var i Os, som Frode Øvredal og Simen Lassen.

– Tore er flink, både fagleg og med folk. Eg er veldig glad for at eg har fått han med meg i trenarapparatet og eg ser for meg at vi kjem til å jobba godt saman, sa Tim Henrik Sperrevik på eit informasjonsmøte i Os Turn onsdag kveld.

Elvenes er med vidare

Ketil Elvenes, som har hatt tre år som keepertrenar for Os, held fram i klubben.

– Ketil gjer ein veldig god jobb med keeperane våre og er samstundes ein som både får opp innsatsen og humøret på dei rundt seg, både spelarar og trenarar, meiner Tim.

Os Turn har gutetrenarar på plass, her held Bjørn Mjelva fram og får med seg tidlegare dametrenar Rune Balland ansvaret.

For juniorlaget og damelaget er ikkje kabalen ferdiglagt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.