Sport | 25. okt. 2018

NM-bronse etter comeback

Mona Bergstø er tilbake ved biljardbordet. I NM var ho svært nær finaleplass.

NM-bronse etter comeback
Mona Bergstø under NM i Oslo. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. okt. 2018 08:43

Mange av dei mest aktive i Os Biljard og Snookerklubb speler snooker.

• Les òg: Historisk spel av Daniel Skaathun (2017)

Men klubben har framleis konkurranseutøvarar i biljard.

– Jan Helge Kordts høyrer til i noregseliten, men har hatt det litt for travelt i det siste, og derfor tatt eit frivillig nedrykk til 1. divisjon, som blir spelt lokalt, fortel Reidar Rundsveen.

Rundsveen er sjølv blant snookerspelarane, men gler seg over at andre aktive biljardspelarar har gjort comeback.

• Les òg: Rundsveen og Skaathun vann gull i lag-NM (2016)

Mona og Bernt Olav i NM i Oslo

Mona Bergstø byrja å spela biljard då klubben heldt til i Hans Olav Sundøy sin salong, som den gong var i lokalet Capri nyleg flytta ut av i Handlegården.

Det var sambuaren, Bernt Olav Lundetræ som lokka ho med.

– Det var jo der eg måtte gå om eg ville vera med han, han spelte jo heile tida, seier Mona og ler.

Ho har vunne NM-bronse før, men ei stund etter at paret blei foreldre var dei fem år vekke frå konkurransar. No er sønene 7 og 11 år gamle, og foreldra har gjort comeback.

I slutten av september deltok begge i NM i Oslo Biljardklubb.

Leia 4-2 i semifinalen

I biljard-NM er det førstemann til 6 sigrar som vinn ein kamp. Etter tre innleiande kampar var Mona nær finaleplass.

– Eg leia 4-2, men tapte 5-6. Semifinalen gjekk på eit bord det var direktesendt TV frå, og eg kjente at eg blei nervøs.

Med tap i semifinalen måtte ho nøya seg med NM-bronse.

– Bernt Olav gjorde det ikkje så verst, han kom på 33. plass av 97 deltakarar, fortel Mona.

Høg aktivitet i Ulvenparken

Paret ønskjer no å etablera eit utvida biljardmiljø i klubben sine lokale bak Ulvenparken.

– Snooker-gjengen trener onsdag, fredag og søndag, vi som speler biljard har no faste treninger mandagar og torsdagar, fortel Mona.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.