Sport | 15. aug. 2010

NM-bronse til Øystein

Etter to gode rundar laurdag og sundag tok Øystein Engevik ein ny medalje i golf-NM.

NM-bronse til Øystein
Andris Hamresøndag 15. aug. 2010 19:08

I fjor tok Øystein Engevik sølv i golf-NM på Meland utanfor Bergen. I år måtte han ta til takke med bronse etter å ha spelt seg stort opp gjennom dei fire dagane mesterskapen varte.

- Eg starta tregt og låg tre over par etter dei første to dagane, fortel Øystein Engevik.

- Laurdag og sundag heva eg spelet mitt betrakteleg og gjekk dei to siste rundane på ni under par, slik at eg totalt hamna på 6 under par, seier golfproffen.

Med lånt driver
Då Midtsiden snakka med Øystein før turneringa var han spent på om han fekk tak i en ny driver etter at han hadde knust den gamle. Ein god ven frå Fana blei redninga og lånte driveren sin til Øystein.

- Knut Børsheim, som tok sølv, hadde ein reservedriver som eg fekk låna. Den fungerte for meg, men eg kunne jo nesten ikkje slå han i turneringa når eg fekk låne kølla hans, ler Engevik.

Fine forhold
Før turneringa hadde Engevik høyrt rykte om at greenane på Byneset var i dårleg stand, men gjennom turneringa gjorde banemannskapa ein fantastisk jobb slik at det var perfekte forhold dei to siste dagane.

- Då vi kom til innspel onsdag såg ikkje dei ut i det heile tatt, men banemannskapa klarte å snu dei frå horrible til kjempebra i løpet av turneringa, avsluttar Engevik.

Engevik gjekk dei fire rundane på 72, 75, 70 og 65 slag. Den siste runda var han den beste spelaren eit slag betre enn norgesmester Espen Kofstad frå Losby golfklubb.

Sverre klarte "cuten"
Av dei fire spelarane som deltok frå Bjørnefjorden golfklubb var det utanom Øystein berre Sverre Marcelius som klarte cuten og fekk spela dei to siste dagane. Sverre enda på 42. plass, eit stykke bak eiga målsetnad om å koma blant dei 20 beste.

Målsetnadane sine klarte ikkje Alexander Heggland og Cecilie Langeland Olsen heller. Dei måtte sjå dei to siste dagane frå sidelinja, då dei ikkje klarte cuten, som var målet for turneringa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.