Sport | 25. okt. 2015

NM-bronse til Reidar Rundsveen

Os stilte med to lag i årets lag-NM i snooker, eitt av dei tok 3. plass.

NM-bronse til Reidar Rundsveen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. okt. 2015 20:18

I helga blei lag-NM i snooker arrangert av Oslo Snookerklubb.

Reidar Rundsveen frå Os stilte på lag med Trond Johan Eeg Nielsen frå Hop, for Os Biljardklubb, og tok bronse.

– Vi stilte saman i lag-NM i fjor òg, og tok bronse.

– Vi hadde håpa på høgare plassering i år, og tapte to sett knepent i semifinalen, men konkurransen samla sett var hardare enn i fjor, så vi får seia oss nøgd med medalje, seier Reidar, på veg heim frå Oslo.

Bra debut av Bentzen og Henriksen

Det var 13 lag (26 spelarar) med i NM i år. Etter innleiande rundar var det kvartfinalar, semifinalar og finale.

Det andre laget frå Os besto av Geir Bentzen og Kjell Henriksen.

– Kjell har aldri konkurrert før og Geir, som tidlegare konkurrerte ein del i biljard, har nett byrja å spela igjen og deltok i helga i sin første snooker-meisterskap.

– Dei klarte seg bra, men hamna på 5. plass i pulja, og der var det berre dei fire beste som gjekk til sluttspelet, fortel Rundsveen.

Sjølv har han eitt noregscupstemne igjen. Han låg rangert som nummer tre, etter blant anna ein 2. plass og to 3. plassar, men mista nokre av dei sju noregscupane då det var dugnadsarbeid i nye klubblokale.

Siste noregscup går i Sarpsborg i slutten av november.

God driv i nytt klubblokale

I slutten av september opna Os Biljardklubb i nytt klubblokale i Ulvenparken.

– No har vi alle biljardborda på plass og om to veker kjem dei siste snookerborda.

– Om tre-fire veker er desse montert og då er lokala komplett. Men vi har allereie bra aktivitet i lokalet, seier Rundsveen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.