Kampsport | 17. nov. 2022

NM-gull til Elisabeth Werner

Os Karateklubb stilte med seks deltakarar og tok tre medaljar.

F.v.: Thomas, Elena, Elisabeth, Carmen, Elene og Nicholas. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. nov. 2022 16:01

I helga gjekk karate-NM av stabelen i Kristiansand.

Os Karateklubb stilte med både utøvarar og dommarar. Fleire avdeltakarane var debutantar.

– Det var få lokale stemne under pandemien, fleire av desse har knapt konkurrert før dei fekk debutera i NM, seier hovudinstruktør Cato Bruarøy.

Han er imponert over at tre av ungdomane tok medalje.

Elisabeth Werner nådde heilt til topps, og er no noregsmeister i kamp i ungdomsklassen.

Elene Olsen Lekven tok sølv i kadettklassen i kamp, Elena Olsen-Nordahl tok sølv i kadettklassen i kata.

Utøvarane viste gode teknikkar og framifrå avstandsvurdering på lynraske slag og spark. (Foto: Team Baggen)
Les ògFekk testa timing og presisjon på heimebane

– Det veks stadig fram nye årgangar med dyktige ungdomar. Denne gjengen har fått uvanleg lite konkurransetrening, men dei har trent godt heime i Os, og det er kjekt med sånn utteljing i deia første NM.

Thomas Salbu og Nicholas Werner gjekk gode kata, men fekk ikkje nok poeng til finaleplass.

Frå diskvalifikasjon til viktig coaching

Hovudinstruktøren si dotter, Carmen Langbakk Bruarøy, som fyller 18 i år, var den eldste deltakaren.

Ho har fleire nasjonale og internasjonale medaljar frå før, og deltok i sitt første NM på tre år.

– Ho gjekk ein veldig fin kata, men gjorde dessverre ein feil, og blei dermed diskvalifisert.

Carmen fekk likevel gjort nytte for seg saman med klubbkameratane.

– I utgangspunktet skulle eg sjølv coacha Elisabeth i NM-finalen, men grunna dommarmangel måtte eg til ei anna matte og vera jury, fortel Cato.

Elisabeth har blitt coacha av Carmen før, på eit stemne i Haugesund, og hadde i utgangspunktet bedd omå bli coacha av Carmen igjen. No fekk ho klubbvenninna i hjørnet sitt, og det blei suksess.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.