Sport | 09. apr. 2016

NM-gull til Klas

Klas Færøvik sprang 3000 meter i terreng på råsterke 9.50!

NM-gull til Klas
Klas Færøvik er nøgd med full klaff og sitt første NM-gull. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. apr. 2016 16:48

«Kva har eg gjort?» tenkte Klas Færøvik (46) frå Opptur Motbakkeklubb då han aksepterte at treningskameraten Geir S. Skaten hadde meldt han på i NM.

– Eg har berre hatt 1-2 løpeøkter i veka i vinter, resten har vore ski. Etter at eg i oktober runda av løpesesongen har eg lagt på meg 4-5 kilo, fortel Klas.

I dag knuste han likevel til med 9.50 på 3000 meter terrengløp og kom i mål 22 sekund framfor nestemann i veteranklassen.

Parkerte konkurrentane i spurten

– Vår klasse var sist og det var fleire hundre som hadde tråkka i løypa før vi starta. Allereie før løpet så ringte eg heim og sa ALDRI om eg kjem under 11 minutt på dette føret.

– Det var eit sugande underlag, ein del opp og ned og minst fire 90-gradars svingar.

Men Klas klarte å fokusera og disponerte løpet svært godt.

– I den siste motbakken før mål kom eg meg opp på tå og fekk ein god spurt på rundt 100 meter. Der og då visste eg ikkje meir enn at eg truleg var på pallen, for veteranklassen sprang saman med ein annan klasse.

Noregsmeister

Klas er nøgd med både løpet, plasseringa og tittelen han tok i Stavanger.

– Eg er nøgd berre eg har gjort eit godt løp ein eller annan stad, men det var ekstra deilig at alt klaffa i eit NM, seier Færøvik, multitalentet som i dag tok sitt første NM-gull uansett idrett.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.