Sport | 27. juni 2018

NM-gull til Tora og Karen

Tora Wiberg (18) og Karen Landøy (18) rykker opp til eliten etter å ha vunne Lag-NM for junior, 1. divisjon.

NM-gull til Tora og Karen
Tora Wiberg og Karen Landøy tok NM-gull i 1. divisjon junior jenter på Kragerø golfbane tysdag (privat foto)
Andris Hamreonsdag 27. juni 2018 13:20

Bildeserie:

Wiberg og Landøy kviler ikkje på laurbæra. Onsdag møttes dei på Bjørnefjorden golfbane for ei treningsøkt (foto: Andris Hamre)
Wiberg og Landøy kviler ikkje på laurbæra. Onsdag møttes dei på Bjørnefjorden golfbane for ei treningsøkt (foto: Andris Hamre)
1 av 1
Wiberg og Landøy kviler ikkje på laurbæra. Onsdag møttes dei på Bjørnefjorden golfbane for ei treningsøkt (foto: Andris Hamre)

Bjørnefjorden Golfklubb måtte fri til naboklubben Bergen, då dei skulle stille lag i NM for junior, jenter.

– Eg meldte overgang frå Bergen til Bjørnefjorden før NM for at eg og Tora kunne spele samen, men det var berre på utlån, smiler Karen Landøy når Midtsiden møter dei nybakte, men litt slitne, noregsmeistrane på Hauge onsdag ettermiddag. Dei var nemleg ikkje heime igjen frå Kragerø før klokka tre natt til onsdag, men likevel klare for ei ny treningsrunde.

– Vi må jo det, no som vi har rykka opp til eliten. Då nytter det ikkje å kvila, ler dei to.

Einaste lag med berre to spelarar

At dei er sliten er kanskje ikkje så rart. Måndag spelte dei nemleg 36 hol. Først 18 hol foursome, kor dei slo annankvart slag på ballen. Så fourball, kor dei spelte kvar sin ball, men telte poenga berre til den av dei som slo best.

– Heldigvis var det litt vind i Kragerø, ellers hadde det blitt enno meir slitsomt, for det var varmt. I går var det vel 27 grader då vi spelte den siste avsluttande runden.

– I tillegg så var de vel i ein litt spesiell situasjon samenlikna med dei andre laga?

– Ja, jo vi var vel det. Vi var jo berre oss to, medan dei andre laga hadde tre og fire spelarar som kunne bytte litt på.

– I den tredje og siste runden, kor vi spelte individuelt, så hadde dei andre laga den fordelen at ein eller to av dei kunne feila i og med at berre de to beste telte i samandraget, medan vi visste at uansett korleis vi gjorde det, så telte vår score. Det var nok litt med på å skjerpe oss.

Leia frå start til mål

Dei to tykkjer dei fekk ein dårleg start på turneringa og trudde dei låg langt nede på resultatlista etter den første runden.

– Vi sleit litt på dei første ni hola og var litt skuffa over eigen innsats, men det blei betre og betre utover i turneringa. Kanskje satte vi litt mykje press på oss sjølv i starten, for vi reiste til NM for å klara opprykk til eliten og helst vinna. (To av laga frå 1. divisjon rykker opp,journ.mrk).

– Då vi kom inn til lunsj etter foursomen trudde vi at vi låg på tredje eller fjerdeplass, men etterkvart gjekk det opp for oss at vi faktisk leia.

– Så de leia turneringa frå start til mål?

– Ja, du kan kanskje seie det slik, sjølv om vi følte at vi ikkje spelte så bra, ler dei to venninnene som måndag gjekk i par med eit gutelag frå Sola.

– Det var eigentleg heilt greit og eigentleg mykje gøyare enn å gå med jentene.

– Kvifor det?

– Det er ei større utfordring å spele med gutane, fordi dei slår lengre enn oss. Då føler vi også at vi må prestere betre for å vera på nivå med dei, så eigentleg er det ein fordel, seier Landøy.

Snakka seg sjølv opp

Etter måndagens 36 hol leia dei to turneringa med åtte poeng foran Skjeberg GK.

– Før tysdagen så snakka vi oss sjølv litt opp. Mellomanna så var vi enige om at vi skulle ha på oss røde t-skjorter fordi vi skulle ta vinnarbilete etterpå, ler dei to.

– Men faktisk så trur eg det hjalp. Det gjorde at vi var skjerpa og jobba godt, sjølv om vi ikkje gjekk i same flighten, skyt Wiberg inn.

Blei "lurt" av banekartet

Dei to reiste frå Os til Kragerø laurdag ettermiddag og fekk spelt ei runde på banen søndag før turneringa.

– Det var ein veldig fordel. Vi hadde nok ikkje gjort det så godt om vi ikkje hadde fått spelt banen på førehand. Vi trudde nemleg at den var ganske flat når vi såg på baneguiden, men det var den absolutt ikkje. Det var mykje bakkar og opp og ned, så du visste ikkje alltid kor ballen spratt, seier Wiberg.

– I tillegg var det mange blinde utslag, så det var vanskeleg å sjå kor du skulle slå ballen til for å legga den best til rette for andreslaget, men det var ei veldig fin bane å spele, supplerar Landøy.

På jakt etter ny lagvenninne

Dei to har allereie bestemt seg for at dei skal spele lag-NM i eliten saman til neste år.

– Vi kan jo ikkje gi oss no. Dessuten er neste år, det siste året kor vi speler junior, så vi må jo få med oss det. Utfordringa no er at vi må finna ei jente til, for i eliten må vi vera minst tre på laget, avsluttar dei to.

Wiberg og Landøy vann NM med 339 slag foran Skjeberg som brukte 350 og Oppegård med 378 slag tilsaman.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.