Os Musikkforening, her i Tunet i januar, der fleire unge solistar fekk skina. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

NM janitsjar: Os tok 1. plass og rykker opp til 1. divisjon!

Os Musikkforening rykker opp, tre år etter sist opprykk, etter ein strålande konsert i Olavshallen i Trondheim.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Denne helga blir NM janitsjar arrangert i Olavshallen i Trondheim.

113 korps med 5456 deltakmusikanar deltok. 

Os, som i 2016 vann 3. divisjon og rykte opp til 2. divisjon, spelte sin konsert klokka 10.30 laurdag.

I konkurranse mot 14 korps i divisjon stakk Os med dirigent Magnus Brandseth av med 1. plassen og opprykk til 1. divisjon!

Os Musikkforening fekk gruppepris til klarinettane.

Musikkforeningen Nidarholm vann elitedivisjonen og blei noregsmeister, Kolbotn Konsertorkester vann 1. divisjon.

Resultat, 2. divisjon:
1. Os Musikkforening. Gruppepris: klarinetter
2. Prosjekt MMXIX
3 Tønsberg Janitsjarkorps
4. Bjølsen Ungdomskorps
5. Sykkylven Janitsjarorkester
6. Bispehaugen ungdomskorps
7. Gjøvik Bykorps
8. Sinsen Konsertorkester
9. Lørenskog musikkorps
10. Hovin musikkorps
11. Hov Musikkorps
12. Lungegaardens Musikkorps
13. Drammen Konsertorkester
14. Stabekk Janitsjarorkester - SJO
15. Vestsidens Musikkorps

Fleire saker