NM: Øygarden med solid siger over Os

Os fekk håpet tent tidleg i andre omgang, men åtte minutt seinare kom nok eit baklengsmål.

Knut Spangelo Haga (i kvitt t.v.) sendte tidlegare lagkameratar på Os langt ut av NM. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. juli 2021 21:58

Os tok i dag imot Post Nord-laget Øygarden til første NM-runde.

Framfor ganske full tribune var dei nær på å gå i føringa, i staden byrja baklengsmåla å tikka inn.

Os - Øygarden 2-6 (0-3)

Niklas Lunde Fosen sto for største sjanse i første omgang, men i staden for å gå til pause med 1-2 sto det 0-3 etter halvspelt kamp.

Den same Fosen tente likevel håpet tidleg i opningsminuttet av andre omgang.

Han reduserte til 1-3 og var kort tid etter nær på å krympa avstanden til 2-3.

Men 1-3 blei til 1-4 åtte minutt seinare.

At Sander Kvittingen reduserte til 2-5 i 75. minutt var langt frå nok. Øygarden skåra nok ein gong og vann 2-6.

Markus Eiane skåra 5 av Øygarden sine 6 mål (alle utanom 0-2).

Markus Eiane seinka Os åleine. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Midtsiden kjem tilbake med bildeserie og meir om kampen.

Andre resultat frå dagens NM-kampar:

Lysekloster - Åsane 1-2
Åkra - Vard Haugesund 7-6
Staal Jørpeland - Viking 2-3
Sandviken - Fyllingsdalen 1-2 (1-1 etter ordinær tid)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.