NM-siger til Os skulekorps

Deltok for første gong på fem år, meldte seg opp éin divisjon og stakk av med sigeren!

Os skulekorps sine 22 nybakte noregsmeistrar. (Foto: Siri Kristiansen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. juni 2017 22:21

Bildeserie:

Kamilla, Vibeke og Regine. (Foto: Siri Kristiansen)
Dirigent Marius Fevang Thorstensen. (Foto: Siri Kristiansen)
Os fekk 94 av 100 moglege poeng. (Foto: Siri Kristiansen)
Vibeke og Åshild. (Foto: Siri Kristiansen)
Trofeet. (Foto: Siri Kristiansen)
Kamilla, Vibeke og Regine. (Foto: Siri Kristiansen)
Dirigent Marius Fevang Thorstensen. (Foto: Siri Kristiansen)
1 av 5
Dirigent Marius Fevang Thorstensen. (Foto: Siri Kristiansen)
Os fekk 94 av 100 moglege poeng. (Foto: Siri Kristiansen)
Vibeke og Åshild. (Foto: Siri Kristiansen)
Trofeet. (Foto: Siri Kristiansen)
Kamilla, Vibeke og Regine. (Foto: Siri Kristiansen)

I helga har Norges Musikkorps Forbund (NMF) arrangert NM i brass i Stavanger og NM i janitsjar i Larvik, der også NM i drill gjekk av stabelen.

Os skulekorps deltok i janitsjar, og meldte seg opp i 2. divisjon.

– Vi har hatt ein langtidsplan der det å delta i NM i 3. divisjon i 2017 var eit av måla. Men etter at vi i vinter vann 2. divisjon i Hordablæsten bestemte vi oss for å delta i 2. divisjon i NM òg, seier dirigent Marius Fevang Thorstensen.

Os skulekorps spelte eit stort stykke på rundt 11 minutt, og fekk 94 poeng av 100 moglege.

Det heldt til siger og NM-gull til 22 musikantar frå Os, frå 11 til 19 år i alder (sjå namneliste nedst i artikkelen)!

– Konkurransar er underordna, hovudfokus hos oss er å kunna spela god musikk, å kunna gje publikum gåsehud. Men det er naturlegvis veldig kjekt å få betalt for gode prestasjonar med ein 1. plass i NM, seier Marius.

• Sjå fleire bilde og video frå NM på Os skulekorps si Facebook-side.

Dei to neste korpsa fekk 93 og 92 poeng, så det var jamt i toppen.

Systematisk og grundig

Ein langtidsplan og målsetnad om å klatra har gjort dei unge musikantane gode nok for gull.

– Korleis har du fått musikantane betre? Har det blitt fleire timar på øving?

– Vi har ikkje hatt fleire øvingar enn før, men ungdomane har jobba systematisk og grundig. Vi har hatt lite fråfall og musikantane har vore engasjerte og lærevillige.

– Vi har òg hatt mange gode instruktørar som har følgt musikantane tett, spesielt det siste året.

Inn mot NM har det ikkje handla om tekniske finesser, men om speleglede.

– Dei kan alt dettekniske. Det eg hadde fokus på på veg bort, og på øving i Larvik, var å førebu dei mentalt på sjølve konserten. Då gjeld det ikkje å vera opphengt i tekniske detaljar, men om å levera god musikk. Og det fekk dei til!

Første gong med nytt namn

Åtte foreldre og sju frå juniorkorpset var med som heiagjeng.

– Dei sju juniorane fekk òg med seg eit seminar for juniorar. Dei gler seg no veldig til å starta i hovudkorpset til hausten, seier dirigenten.

Dette var første gong sidan 2012 at skulekorpset deltok i NM, og første gong etter at dei skifta namn frå Os og Kuventræ til berre Os.

– Så og seia alle musikantane var med i NM for første gong.

Dette er dei nye noregsmeisterane frå Os:

Fløyte: Thea Eikeland

Obo: Thomas Hjertaker

Klarinett: Kamilla Steinkjer Bentzen, Regine Engelina Hatvik, Kine Hansen, Maren Benedicte Johnstad og Susanne Bergtun

Saksofon: Maren Maltun og Idun Øvredal

Kornett/trompet: Vibeke Nordtveit, Åshild Underhaug Berle, Erlend Johan Berle og Anders Torsteinbø

Flygelhorn/walthorn: Ragnhild Kristine Midtbø og Carina Nesheim Dyrli

Trombone: Margrete Valle og Joakim Olsen

Euphonium: Stine Eidsvik Flint

Tuba: Jens Christian Hessen

Slagverk: Benjamin Kristiansen, Magnus Kragh Moberg, Henrik Steinkjer Bentzen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.