No blir brannstasjonen riven
Bildeserie: Bli med på ei siste vandring i Allaktiviteshuset og i den gamle brannstasjonen.

Bildeserie:
– Planen er at arbeidet med å riva bygget skal vera ferdig i månadskiftet juni-juli.
Dette fortel prosjektleiar i Os kommune, Knut Olav Torsvik.
– I desse dagar sluttfører entrepenøren arbeidet med å ta vekk murpuss, fjerna taket og henta ut alt av interiør og eksteriør på bygget. Når dette er ferdig kjem dei store maskinene på plass, og sjølve rivinga av bygget tek til.
Gjenbruk og miljø i fokus
Torsvik fortel at det er funne asbest i delar av bygget, og at dette vert sanert.
Tidas tann har gnege på bygget, men framleis er det ting som kan takast vare på og nyttast om igjen.
– Skifertaket køyrer vi opp til det kommunale lageret i Kolskogen og tek vare på. Det same gjeld dei lydisolerande vindauga som vart kjøpt inn i samband med etableringa av lydstudioet i bygget.
– Heile prosessen med å riva bygget har fokus på gjenbruk og miljø. Når bygget til slutt er vekke, vil vi gå i gang med å planera ut tomta slik at det kan gjerast klart for den planlagde parkeingsplassen, avsluttar Torsvik.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.