Lokal | 28. okt. 2019

No blir det bunadbonanza

På laurdag startar ein 64 dagars hyllest av bunadane i Bjørnafjorden.

No blir det bunadbonanza
Anne Kolle (t.v) og Torill Os Åsland frå Fusa husflidslag riggar saman med Oli Lilletvedt frå Os husflidslag klart til Bunadbonanza i Oseana. (Foto: Ragnhild Stende Bjaadal) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmåndag 28. okt. 2019 09:01

Utstillinga, som vil stå i Griegsamlinga i Oseana vil visa dame-, herre- og barnebunadar, med tilhøyrande utstyr, frå Os, Fusa og Samnanger.

Det er Fusa husflidslag, Os husflidslag, Oseana og Bjørnafjorden kommune står bak utstillinga.

Bjørnafjord-bunaden?

Kommunikasjonsrådgjevar i Os kommune, Ragnhild Stende Bjaadal, fortel at bunadane i Bjørnafjorden fortel spennande og fargerike historiar om bjørnafjordingar gjennom tidene.

– Bunadane i bjørnafjordenregionen kjem i svært mange variantar og ulike fargar, avhengig av epoken og krinsen dei oppstod i. Samstundes er det mange fellestrekk på kryss og tvers av kommunegrensene og fjordarmane.

– Med denne utstillinga ønskjer vi å vise både forskjellane og dei mange likskapane mellom draktene i Os og Fusa. Vi dristar oss til å seia at det alt finst ein «Bjørnafjorden-bunad», nemleg den damebunaden som blir kalla «rekonstruert Fusa-bunad» og «rekonstruert Os-bunad». Bunadane bryr seg nemleg ikkje om kommunegrenser, så på mange måtar kan du seia at det alt finst ein Bjørnafjorden-bunad!

Pent vêr og aktive helger

Ifølgje Bjaadal er Bonanza er spansk og betyr eigentleg «pent vêr», men har overført fått tydinga «rikdom» og «overflod» – ord som arrangørane meiner visst kan brukast for å skildra bunadane i Bjørnafjorden.

Utstillinga opnar med polonese frå foajeen, leia og akkompagnert av Os spelemannslag. I Griegsamlingen vil publikum få historia om frå Ous til Bjørnafjorden på 15 minutt ved Ella Marie Brekke Vangsnes, det heile dandert med dans og bunadcatwalk.

– Vi tykkjer det er ekstra stas at utstillinga skal vera i Griegsamlinga, fortel Bjaadal. Måleria i utstillinga vil vere spesielt utvalde til å harmonere med og utfylla utstillinga gjennom utstillingsperioden.

Kvar helg i utstillingsperioden vil husflidslaga fortelje om ulike tema og demonstrere teknikkar knytt til bunadane, som broderi på skjorte og forkle, knipling og fletting av hoseband og perling av bringeklutar og belte.

Publikum kan òg få med seg eit foredrag om bringeklutar, i tillegg til å ta med seg gamle draktdelar til registrering og få rettleiing i val til bunaden.

Utstillinga vil stå fram til 5. januar 2020.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.