Lokal | 01. juli 2017

– No blir det nye ballar til gutane

Os basketballklubb fekk 15 000 kroner frå Os Lions. – Dette set vi utruleg pris på. Tusen tusen takk, helsa Simon Hamilton.

– No blir det nye ballar til gutane
Leiar i Os basketballklubb Simon Hamilton tok i mot gåva frå Harald Grothle i Os Lions (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 01. juli 2017 08:24

Bildeserie:

Rune Turøy, Mojataba Ebrahimi, Isak Hamilton, Harald Grothle, Børre Johnsen, Kristoffer Turøy og Simon Hamilton (foto: AH)
Rune Turøy, Mojataba Ebrahimi, Isak Hamilton, Harald Grothle, Børre Johnsen, Kristoffer Turøy og Simon Hamilton (foto: AH)
1 av 1
Rune Turøy, Mojataba Ebrahimi, Isak Hamilton, Harald Grothle, Børre Johnsen, Kristoffer Turøy og Simon Hamilton (foto: AH)

Os basketballklubb er ein av dei mindre klubbane i Osbygda med eitt seniorlag som styrer seg sjølv og eit gutelag med 15-16 spelarar i alderen 12-16 år. Det har Os Lions lagt merke til.

– Pengane frå årets tulipanaksjon, pluss litt ekstra, har vi bestemt at vi ville gje til to mindre klubbar med lavterskeltilbod, som begge gir eit viktig og godt tilbod til dei som ikkje har lyst til å drive med dei store idrettane som fotball og handball, fortel Harald Grotle, president i Os Lions.

Fredag delte han ut 15 000 kroner til Os basketballklubb. Tidlegare i veka fekk Os Roklubb ein tilsvarande sum.

Vurderte å legga ned

Leiar Simon Hamilton gler seg stort over gåva frå Lions.

– For tre år sidan var vi fire foreldre som tok på oss å driva klubben vidare. Då blei det nemleg vurdert å legga ned klubben.

– Vi ser ein utruleg framgang hos spelarane. Det første vi gjorde då vi tok over var å melde på lag i seriespelet. Fram til då hadde gutane berre spelt nokre turneringar i tillegg til treninga.

– Vi har gått frå å tape kampar med 50-60 poeng til i dag å både spele uavgjort og vinna.

Auka ikkje kontingenten

Hamilton fortel at klubben har slitt økonomisk med å få endane til å møtast.

– Då vi tok over gjorde vi eit bevisst val om ikkje å auke kontingenten, sjølv om vi meldte oss på seriespelet. Det har gjort at vi har måtte snu på kvar einaste krone.

– Desse pengane frå Lions gjer at vi no får råd til å kjøpe kvalitetsballar til alle spelarane som dei kan bruke på trening, fortel Hamilton.

Os basketballklubb trenar i gymsalane på Os barneskule og Os ungdomsskule.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.