Næringsliv | 18. des. 2012

No blir det riving og ny Kiwi

Kastar ikkje vekk tid: Steinsenteret er flytta til Kolskogen og gamle-Steinsenteret skal no rivast så Norgesgruppen kan bygga Kiwi-butikk nummer tre i Os.

No blir det riving og ny Kiwi
Om få dagar startar rivinga av dette knappe 10 år gamle bygget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. des. 2012 09:47

I desember i fjor var Norgesgruppen i prosess med kjøp av eigedomen som har husa Steinsenteret sidan Stig Totland opna 1. mai 2003.

Les òg: Kan bli daglegvarebutikk

Steinsenteret er no flytta til Kolskogen og Norgesgruppen ser ut til å gå i gang med eigedomen på Gudriflaten så snart dei får sjansen.

– Sånn eg har forstått prosjektgruppa så vil dei gå rett på sak, seier regionssjef for Kiwi, Joakim Pedersen.

Opnar i 2013

Pedersen fortel at bygget på Gudriflaten, som berre er knappe 10 år gamalt, skal rivast, og at det kjem til å skje ganske kjapt.

– Rivinga startar i desse dagar, eventuelt rett over nyttår.

– Kor tid vil det bli bygging og opning av ny butikk?

– Vi skal opna 6 nye butikkar i region vest før påske, så det er litt fram i tid med ny butikk på Os.

– Men i god tid før jul neste år er vi nok i drift på Gudriflaten, seier Pedersen.

Totland blir verande i nabolaget

Stig Totland, som starta Steinsenteret og var ein av fem eigarar av eigedomen Norgesgruppen no overtar, er framleis i murarbransjen og framleis lokalisert på Gudriflaten.

Han eig nabobygningen, der han har utleige av lager og fem husvære.

I tillegg eig han selskapa ABC Mur & Flis AS og ABC Maskinutleige AS, som han starta i år.

– Vi flytta, men ikkje så langt, frå Gudriflaten 3 til Gudriflaten 5, seier Totland.

Med kontor og lager i første etasje, og utstilling av gravemaskiner og lift utanfor, blir det framleis litt byggerelatert business på Gudriflaten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.