Lokal | 21. jan. 2021

No byrjar Natteravnene å gå i Os

Seks år etter førre periode blir det patrulje både fredag og laurdag.

No byrjar Natteravnene å gå i Os
Natteravnene i Os i 2011. (Arkivfoto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. jan. 2021 08:27

I haust blei det tatt initiativ til å få Natteravnene, som hadde vaktlag i Os frå 1990-talet til starten på 2015, i gang igjen.

Fleire ungdom har opphald i Os sentrum etter at Os ungdomsskule fekk nytt uteområde med tak, og initiativet hausta god respons.

Oppstart blei hindra av skjerpa, lokale smittevernreglar i starten på november, men no er det klart for vandring.

– Planen var å starta på nyåret, men så kom nye to veker med skjerpa smittevern. Vi har halde dialog med kommuneoverlege heile vegen, og no er det klart for første vakt, seier leiar for interimstyret, Jo Rune Ugulen Kristiansen.

Har 100 - treng fleire frivillige

Det kom raskt 40 frivillige og meldte seg som natteravn, så kom rundt 60 til.

– Vi må vera minst 3 per vakt, men har lagt opp til at 6 personar går saman. Då er vi ikkje så sårbare om éin brått må melda avbod.

– Målet er at kvar av dei frivillige berre skal får 1-2 vakter i året, med mindre dei har sett seg opp på fleire vakter, så vi ønskjer oss endå fleire.

Fredag og laurdag i fleire krinsar

Natteravnene går frå klokka 18 til 22 fredag og frå klokka 20 til midnatt laurdag.

– Det er primært ungdomen vi rettar oss mot, det er dessutan få vaksne på fest når det no er redusert med skjenking.

– Klokkesletta kan bli justerte frå helg til helg, når vi ser korleis behovet er.

– Vi har base i Ung Arena, og startar i Os sentrum, men vil i løpet av vakta òg besøka andre krinsar, som for eksempel Nore Neset, seier Jo Rune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.