– No er båtfolket glad!

I november i fjor, 11 år etter montering, blei skulpturen i Ulvsund stolen. No har ein anonym privatperson finansiert ny.

Ein ny, identisk versjon av Havjomfruen og Hippolytus kom i førre veke på plass i Ulvsund. (Lesarbilde, foto: Toril Marceliussen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. sep. 2014 15:14

I august 2002 blei det reist ein liten, spesialbestilt bronseskulptur i Ulvsund, forma av kunstnar Vidar Bratlund Mæland, finansiert av kronerulling etter initiativ frå dei to barndomskameratane Kurt Ove Engeseth og Henrik Askvik.

I november i fjor blei det oppdaga at skulpturen var stolen.

– Henrik var i meg og lurte på om det kunne gå an å laga ein ny. Eg trur han vurderte ei ny kronerulling, fortel Vidar.

– Vi var positivit overraska då eg fann dei gamle formene. Vi plar ta vare på formene eit par år, men dei tar litt plass, så det er ikkje vanleg at vi har former på lager i over 10 år.

Anonym finansiering

Vidar og kunstnar-pappa Arne bestemte seg for å støypa ein ny skulptur, å legga ut for for dette mens dei framleis hadde formene, og heller sjå om det i løpet av eit år eller to kom finansiering på plass.

Så lenge trengte dei ikkje å venta.

– Skulpturen var nettopp ferdig då ein mann som ønskjer å vera anonym tok kontakt med oss. Han sa han ville kjøpa ein ny viss vi kunne laga den og montera den. Fjorden var ikkje den same utan, meiner han.

– Før Henrik rakk å kontakta oss igjen så sto skulpturen der, ler Vidar.

Havjomfruen og Hippolytus blei montert i førre veke, på same skjer i Ulvsund.

– Eit kjekt gjensyn

Hobbyfiskar Truls Maceliussen er ein av fleire som gler seg over at skulpturen har kome på plass igjen.

– Vi var veldig overraska og glad då vi såg han sto der igjen. Mens vi var der så kom fleire båtar bortom for å sjå, fortel Truls, nysgjerrig på om det er den stolne som er funnen eller om det er laga ny.

Det er altså ein ny skulptur, men støypt i same forma.

– Den er så lik den første som den kan bli, men det vil ta eit år eller to før den får grønfargen som den første hadde før den blei stolen.

Sikra mot tjuveri?

Oppmoding i intervju etter tjuveriet i november i fjor førte ikkje til at den stolne skulpturen blei levert tilbake.

På spørsmål om kunstaren fryktar nytt tjuveri svarer Vidar at han håper det ikkje skal skje.

– Førre skulptur var bolta godt fast, dei må ha brukt mykje energi på å få han laus.

– Denne er festa endå betre, men heilt sikker er vi ikkje. Vi håper uansett at båtfolk og folk som bur i Askvik vil følgja godt med på kva som skjer i Ulvsund og at denne får stå i fred.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.