Samferdsle | 19. des. 2023

No er Byvegen open igjen!

Fylkesveg mellom Os og Kuven opna fire dagar før skjema.

No er Byvegen open igjen!
Første bil gjennom klokka 17.46: Siste sperre fjerna og Byvegen er opna igjen etter å ha vore stengt i 6 veker og 1 dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 19. des. 2023 16:48

Måndag 6. november, med plan om arbeid fram til 23. desember, blei fylkesveg 583 Byvegen stengt grunna gravearbeid.

Klokka 16.45 i dag byrja dei å fjerna sperringa, klokka 17.46 opna vegen.

Det er fire dagar før skjema.

Byvegen klokka 14: Flatrulling av siste klatt med asfalt. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Byvegen klokka 14: Flatrulling av siste klatt med asfalt. (Foto: Susann Haukeland Børnes)

Dette trass støypeuhellet fredag 8. desember som førte til byggestopp nokre dagar i førre veke.

Kvernelva frå Ulvenvatnet kjem i dei nye røra til venstre, Krabbedalselva frå Banktjørn i røret til høgre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kvernelva frå Ulvenvatnet kjem i dei nye røra til venstre, Krabbedalselva frå Banktjørn i røret til høgre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Byvegen hadde òg redusert trafikk frå 16. august til 29. september, med eitt felt stengt og lysregulering grunna arbeid på 7/Eleven-tomta.

Det var under dette arbeidet dei oppdaga at det hasta med å skifta tre rør til to sideelver som renn under Byvegen.

Stengt veg førte til omlegging av bussruter og innføring av skyttelbuss.

Skyss er no innstilt på å kasta seg raskt rundt:

Det førte òg til uønskt høg trafikk gjennom Holbrekka, Kuvenbakken og gjennom Os sentrum - og redusert handel hos fleire verksemder langs Byvegen.

No går det mot betre flyt i innspurten på julehandelen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.