No er det høgsesong for steinsprutskadar
– Truleg er det snakk om to til tre slike skadar i Os kvar dag, seier Arne Voll hos Gjensidige.
I ei pressemelding frå Gjensidige skriv kommunikasjonssjef Arne Voll at vi no går inn i ei tid kor det er høgsesong for «det store smellet»;
– Det er nemleg ein god grunn til at TV og radio i desse tider er fulle av reklame for reparasjonar av steinsprutskader.
Truleg vil flere tusen bileigarar i Hordaland oppleva å få ein steinsprutskade dei neste månadene.
– Om vi tenkjer oss at Os har rundt 4 prosent av innbyggjarane i Hordaland, og at dette vert spegla i tal bilar, kan det vera snakk om to til tre bileigarar i Os som opplev dette i Os kvar dag. Dette er cirka-tal, men totalt vert det utbetalt mellom 10.000 og 20.000 kroner etter slika skadar dagleg i Os.
66 steinsprutskader i døgeret
I Hordaland måtte 24.000 bileigarar innom ein verkstad for å reparera ruta eller få den skifta i løpet av fjoråret.
Erstatningane enda på 140 millioner kroner, eller nærmare 380.000 kroner kvar eineste dag.
Truleg vil minst like mange hordalendingar oppleva denne type skade, også i år.
Hald avstand
Om du får ei «rose» i frontruta er det viktig å dekkja den til raskest mogleg med tape. Ein ubeskytta sprekk vil bli fylt av skitt, og då kan det være umogeleg å reparera den.
Glasverkstedar deler gjerne ut spesielle klistremerker til føremålet.
Det er vanskelig å gardere seg mot steinsprut, men nokre råd har forsikringsselskapet;
- Det enklaste er å halda god avstand til bilen foran, men nokon garanti mot ei lita «rose» i frontruta er det ikkje, seier Voll.
Veger som har vore strødd er meir utsatt enn vegar som kun har vore salta.
Kvifor gratis:
Kostnadane ved å skifta ei rute er store;
På bilmodellar med varmetrådar i frontvinduet eller andre tekniske innretninger er kostnadane ekstra høge. Derfor er det ein stor fordel når kunden vel å reparera ruta, i staden for å skifta den.
Alle bileigarar med delkasko eller kasko får reparert steinsprutskade gratis. Må ruta skiftast er det som regel ein egenandel.
Fakta:
I løpet av 2018 betalte forsikringsselskapa totalt ut over 1,6 milliarder kroner i erstatning for 256.000 steinsprutskader.
Nyare biler har ofte har ofte frontruter med mer avansert teknologi. Det er ikke uvanlig at det kostnaden ved å skrifte en frontrute på slike biler er over 20.000 kroner.
I tillegg til frontruter er også karosseri og lykter utsatt for steinsprut.
Alle tal: Finans Norge