Sport | 15. juni 2018

No er nesten alle i Os på 2. plass

Snakk om samkøyrd fotballbygd.

No er nesten alle i Os på 2. plass
Skjermskot av tabellane fredag 15. juni, der mange ulike lag frå Os ligg i same posisjon. (Fotball.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. juni 2018 07:27

Nokre divisjonar har spelt ferdig vårsesongen, andre har nokre kampar igjen før det er ferie.

Felles for mange er at dei no ligg på 2. plass på tabellen.

Nedst kan du òg lesa om ein litt spesiell situasjon i toppen av Øyglimt sin tabell ...

Damene først

Det nystarta 7-arlaget har fått ein knallstart, og ligg på 2. plass.

4. divisjonslaget, som speler 11-arfotball, er apoeng med 2. plassen, men landa på 3. plass før ferien grunna svakare målforskjell.

Heimekamp laurdag, søndag og måndag

3. divisjon: Lysekloster tapte toppkampen for Sotra i helga, men slo Sogndal 2 onsdag og held seg tre poeng bak serieleiar før neste runde no i helga. Lysekloster speler heime mot Øystese søndag.

4. divisjon: Os har framleis ikkje tapt etter seriestart, eller etter at Tim Henrik Sperrevik overtok som hovudtrenar, men rota vekk to poeng då 3-1 blei til 3-3 for to rundar sidan. Os speler borte mot Frøya i kveld.

5. divisjon: Os 2 tapte borte for Voss, deira andre tap for sesongen, i førre runde. Laurdag speler dei heime mot Sædalen/Kringlebotn i nest siste kamp før ferien. Søfteland speler i same avdeling og ligg på 5. plass. Dei speler heime mot Vaksdal søndag.

I 6. divisjon er vårsesongen over. Der ligg Os 3 på 5. plass og Nore Neset/Lysekloster 2 på 9. plass (sisteplass).

Lokaloppgjer og svært jamn tabelltopp

I 7. divisjon er det éin kamp igjen før ferien. Den speler Søre Neset, som ligg på 5. plass, borte mot tabelljumbo Kalandseid måndag.

I senior 7-ar er det mildt sagt jamt i toppen, halvparten (!) av dei 8 laga har tatt 12 poeng, eitt av dei er Øyglimt, som ligg på 2. plass.

Os oldboys speler òg 7-ar. Dei har ikkje vore så sterke som dei plar vera, og ligg på 4. plass heile 11 poeng bak serieleiar Bjarg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.