Kultur | 01. aug. 2025

No er Øyafest heilt utselt. Samtidig har dei skifta artist

Var rask med å selja ekstrabillettane – og med å booka erstattar då ein fredagsartist brått blei sjuk.

No er Øyafest heilt utselt. Samtidig har dei skifta artist
«Katedralen» kallar dei teltet i år, etter at takhøgda blei løfta ein meter. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. aug. 2025 10:23

Før konsertstart i Homrahølo torsdag blei resten av festivalen utselt.

Fredagen er for lengst utselt, dei siste av dei 200 ekstrabillettane til laurdag gjekk ut frå TicketCo i 18-tida i går.

– Det blir ikkje lagt ut fleire billettar no, seier Ivar Bøthun.

Øyafest held fram med familiedag i dag. Også den er gratis, det same er det nye innslaget, konsert i bedehuset, med Berit Håpoldøy.

I kveld skal Vidar Villa spela i festivalteltet på Sundøy Arena. Han får likevel ikkje med seg Jonas Lovv, då han har blitt sjuk.

Som erstattar har Bøthun, mens dei pakka i bilen i går, booka inn supportbandet til Elida Waage, Seagulls, til nok ein kveld i Øyane.

Dei spelte før Eva Weel Skram i Homrahølo i går – for rekordstort publikum. 1447 kom på gratiskonserten.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.