Lokal | 07. nov. 2014

– No har eg ikkje vondt i ryggen lenger

Nga Thi Nguyen byrja med yoga for å pleia seg sjølv. No er ho nyutdanna instruktør og klar for å halda kurs.

– No har eg ikkje vondt i ryggen lenger
Nga Thi Nguyen fekk positiv effekt av yoga, og har no utdanna seg til instruktør for å halda kurs i Røde Kors-huset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. nov. 2014 07:44

Nga har vakse opp i Vietnam, men sjølv om yoga var eit vanleg syn vurderte ho ikkje å prøva det før ho kom til Noreg.

– Eg følte meg frisk og sprek og tenkte at eg ikkje hadde behov for yoga. Hadde eg starta tidlegare så hadde eg sikkert ikkje fått dei plagene eg hadde, seier den muntre dama.

Ville ikkje ta smertestillande

Ho har no budd rundt 20 år i Noreg. For nokre år sidan byrja ho å få smerter i rygg og skuldre.

– Eg likte ikkje å ta smertestillande. Det var til hjelp i nokre timar, men så kom smertene igjen. Eg fann ut at det var på tide å ta tak i problema mine.

Bildene frå MR-undersøkinga viste at ho har prolaps, og Nga byrja med yoga for å bli mindre stiv i muskulaturen.

Gradvis oppbygging

I starten følte ho seg lite smidig, men framgangen kom gradvis.

– Smertene forsvann og følte eg med avslappa og i balanse. I tillegg til det fysiske er yoga godt for ditt indre liv. Øvingane og pusteteknikkane gir deg mental fred og ro.

Tok instruktørutdanning

Med god effekt på eigen kropp gjekk Nga vidare for å læra om yoga.

– Eg fekk lyst til å instruera andre, og har det siste året brukt både fleire helger og heile ferien min på turar til Oslo på instruktørkurs.

Kollegaene på Meny i Industrivegen har vore prøvekaninar.

– No har eg nyleg tatt eksamen og fått meg eit lokale. Røde Kors sitt hus i Kolskogen passar veldig godt. Her er god plass og bra med parkering, seier Nga, som neste veke startar yoga-timar fast kvar onsdag fram til jul - og over jul.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.