Lokal | 20. aug. 2014

No har vi passert 19.000!

Innbyggartalet i Os har auka med rekordmange 201 i andre kvartal og kommunen har no 19 004 innbyggarar.

Os aukar i folketal, meir enn nokosinne. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. aug. 2014 09:49

I dag blei statistikken for folketalsutviklinga i andre kvartal publisert på ssb.no, og statistikken for Os viser ei rekordstor kvartalsvis auke.

Netto folkevekst i andre kvartal, frå 1. april til 30. juni, var 201 innbyggarar. Aldri før har vi blitt over 200 fleire osingar på eitt kvartal.

Til samanlikning auka folketalet i Bergen med berre 92 sist kvartal, mens det i Fusa, Tysnes og Samnanger blei 5, 23 og 8 fleire innbyggarar.

– Det var litt lågare vekst i første kvartal, samanlikna med same periode 2013, med «berre» 125 fleire innbyggarar mot 152 i fjor. No har det samla sett jamna seg ut, seier ordførar Terje Søviknes.

– Dette viser at veksta vi har rekna med held fram. Vi merker det på rådhuset òg, ikkje berre på byggesak, men med telefonar frå folk som vil, eller som vurderer, å flytta til Os. Mange av dei har spørsmål om framdrift på E39 og om bompengar, fortel ordføraren.

Tal for Os 2. kvartal 2014:
• Fødde 69
• Døde 31
• Innvandring 40
• Utvandring 6
• Innflytting, innanlands 263
• Utflytting, innanlands 134

Kvart år sidan 201 har folketalet vakse med meir enn 100 i 2. kvartal. I 2013 blei vi 170 fleire, i 2012 auka det med 116 i andre kvartal.

Lågast kvartalsvise folkevekst i Os dei siste 10 åra er 22 i K2 2004 og 39 i K1 2012.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.