Lokal | 07. mars 2013

No kan dei kjøpa

Ervikane, Oksabåsen og Vetlaneset er sikra for ållmenta etter at plan for området blei vedteken i kommunestyret tysdag.

No kan dei kjøpa
Oksabåsen er sikra gjennom områdeplanen (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 07. mars 2013 12:35

Sjølv om Direktoratet for Naturforvaltning (DN) allereie i juni 2012 løyvde nær 1,9 millionar til Friluftsrådet for å kjøpa Ervikane, Oksabåsen og Vetlaneset frå Statsskog har det tatt tid for å få dei reguleringsmessige forholda på plass.

- Med denne reguleringsendringa har vi lagt grunnlaget for å kjøpa ut området frå Statsskog, fortalde ordførar Terje Søviknes (Frp) før eit samrøysta kommunestyre gav si tilslutning til områdeplanen.

Planen består av tre delområder; Ervikane på om lag 925 dekar, Oksabåsen på Forstrøno på om lag 94 dekar og Vetlaneset på Forstrøno på om lag 20 dekar. I tillegg er det også noko sjøareal som er med i planen.

Føremålet med planen er å sikre arealbruken i dei tre områda til offentleg friområde med tilhøyrande anlegg. Områda er i den nye arealplanen er vist som LNF-område, men bandlagt etter anna lovverk som friluftsområde.

Kva med Stokkedalen og Raudlia?

Då kommunestyret tidlegare på kvelden handsama framlegget til kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2013-2020 undra Olav Søfteland (Ap) på kva som skjer med områda i Stokkedalen og Raudlia som Statsskog òg planlegg å kvitta seg med.

- Det er veldig fint det som har skjedd med Ervikane.

- Eg håpar salet av Stokkedalen og Raudlia kan skje til det beste for friluftslivet og det er ikkje massiv skogsdrift.

12 av 140.000 dekar

Området Søfteland siktar til er på omlag 12.000 dekar.

- Det er ein ganske stor del av kommunens nær 140 000 dekar som kjem for sal.

- I saka er det ikkje noko spesifikt nytt anna enn dialog mot kommunen i høve prioritering av søkand om sikringsmidlar, forklarte Søviknes.

- Intensjonen er å få til eit møte mellom fylkeskommunen, Os kommune og Fylkesmannen for å få ein felles front opp mot DN for å henta midler for sikring av friluftsområder og naturmangfall.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.