Lokal | 21. jan. 2020

No kan du bli Midtsiden-abonnent!

Tar betalt for delar av innhaldet frå tysdag 21. januar.

No kan du bli Midtsiden-abonnent!
Redaktør Kjetil Vasby Bruarøy framfor kontoret på Osøyro. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. jan. 2020 11:20

Etter 19 år med alt innhald ope og gratis, vil vi frå januar 2020 styrka oss for framtida ved å ta betalt for tilgang til fleire av sakene våre.

Til no har sal av annonseplass vore einaste inntektskjelde. Vi er takksame for at vi har hatt lokalt næringsliv, i ei rekkje ulike bransjar og storleikar, med på laget frå første stund, og i stadig aukande grad. Det har danna grunnlag for 2,5 årsverk i ein kompakt og flittig redaksjon.

Skal vi danna eit grunnlag for fleire arbeidsplassar og endå breiare og djupare dekning av livet i bygda, kan det vera til hjelp med endå ein fot å stå på økonomisk.

Vi gjer dette for å gi deg ei endå betre lokalavis!

Du kan framleis lesa delar av Midtsiden gratis. Politinotisar, hendingar, nyttig informasjon og fleire korte saker innan blant anna sport og kultur blir opne for alle.

Vil du ha tilgang til alt av intervju, reportasjar, bildeseriar og video - så teiknar du abonnement!

Då underteikna ikkje er glad i kampanjar og lokketilbod, held vi oss til ein fast, låg pris per månad som er lik for alle. Aldersgrensa for å teikna abonnement er 18 år. Abonnementet er personleg, og gjeld per husstand/familie, inntil 6 pålogga einingar (pc, mobil, nettbrett) om gangen.

Midtsiden.no opplevde 32 prosent vekst i lesartalet i haust. 50 prosent av lesarane er frå Os og Bergen, 20 prosent bur i Oslo. Andre er spreidde i inn- og utland.

Vi er naturlegvis spente på kor mange av dei faste, lokale lesarane som vil betala for å sikra seg tilgang til alt innhald på Midtsiden, men er overbeviste om at dette er vegen å gå for å skapa ei robust lokalavis for framtida.

På forhånd takk for at du er med oss vidare!

Kjetil Vasby Bruarøy
Ansvarleg redaktør og dagleg leiar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.