Fotball | 20. mars 2024

No kan du låna deg entré på Kuventræ

– Vi vil at flest mogleg skal kunna sjå kamp, både fotball og handball.

No kan du låna deg entré på Kuventræ
Dagleg leiar i Os Turn, Marita Haugland, leverte lånbare partout-kort til biblioteksjef Kirstine Folmann i dag. (Foto: privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. mars 2024 14:45

I dag leverte dagleg leiar i Os Turn, Marita Haugland, lånbare partout-kort til biblioteksjef Kirstine Folmann.

– Det kom ein kar innom klubbhuset, tidlegare dommarsjef i Os Fotball Eivind Fauske, og fortalte at enkelte andre klubbar har tilsvarande tilbod, fortel Haugland.

Å låna tilgang på biblioteket til kampar på Kuventræ.

Ho drøfta det med leiinga av både fotball og handball, Endre Brenne og Christian Bugge, som var einige i at dette var ein fin idé.

– No er siste heimekamp for handballen spelt, men dei går i gang med dette til hausten.

Fotballsesongen er så vidt i gang, damelaget hadde serieopning heime søndag. Herrelaget har første heimekamp laurdag 13. april.

– Vi har godt publikum både på dame- og herrekampane, mange av dei med partoutkort, som gir veldig god rabatt.

– Frå før har vi fri entré for ungar. Med partoutkort til låns opnar vi for at dei som liker å låna på biblioteket òg kan låna seg tilgang til sporty, lokal underhaldning.

Marita kontakta biblioteket i går, men då var sjefen ute.

– Eg svingte innom i dag, og då var Kirstine Folmann både orientert og positivt innstilt til å ha fotballbillettar i sortimentet.

Tre inngangskort er leverte.

– Dei kan du låna i ei veke om gangen. Sjekkar du terminlistene kan du av og til få med deg fleire kampar, av både damer og herrar, før du leverer kortet inn igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.