Fredrik Schmidt Fotland og Veronica Halhjem frå Bjørnafjorden næringsråd. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

No kan du søka Fjordfondet

For nye og etablerte firma: På ei pressekonferanse i dag presenterte Bjørnafjorden næringsråd «Fjordfondet», ei støtteordning mynta på næringslivet i Os og Fusa.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

– Sparebanken Vest kontakta oss allereie i fjor haust, fortel Fredrik Schmidt Fotland og Veronica Halhjem frå Bjørnafjorden næringsråd.

Banken lurte på om næringsrådet i Bjørnafjorden ville vera med å setja opp eit fond, liknande Spinnfondet og Stormfondet. Desse to fonda er allereie etablert for bedrifter og næringsliv i kommunane vest og nord for Bergen.

– No er vi altså klare med Fjordfondet. I tillegg til 200.000 kroner i gåvemidler frå Sparebanken Vest har fondet fått kompensasjonsmidlar frå Fusa kommune. 

Kven kan søkja?

– Alle, kjem det i stereo frå Halhjem og Schmidt Fotland.

– Det er viktig å understreka at dette ikkje berre gjeld gründarar eller nokon i oppstartsfasen, seier Halhjem.

Er du ei godt etablert bedrift kan du søkja om midlar til ombygging, omskulering eller til dømes kompetanseheving.

– Ein kan ikkje søkja om midlar til rein drift, seier Schmidt Fotland, men vi går breitt ut og ønskjer søknadar som omhandlar nyskapande aktivitetar og gode omstillingstiltak.

– Grøne tiltak og grøne omstillingar vil i tillegg vega ekstra tungt i ein søknad. 

Fødselshjelp

Søknadsfristen for denne runden med Fjordfondet er 31. oktober, og Veronica Halhjem og Fredrik Schmidt Fotland har ei klar oppmoding til næringslivet i Os og Fusa;

– Søk!

– Og har du litt søknadsperre, ta kontakt med dagleg leiar i Bjørnafjorden næringsråd, Mette Fagerli. Ho er tilstades i gründerparken i Os tre dagar i veka. Ho hjelper gjerne til med søknaden din, sjå gjerne på det som ein fødselshjelp i søknadsskriving.  

Fleire saker