Kultur | 20. aug. 2018

No kan du strikka i Osrose-mønster

Dale Garn lanserte Osroso-kolleksjon i helga. I september blir det utstilling.

No kan du strikka i Osrose-mønster
Delar av kolleksjonen som blei lansert i helga. (Skjermskot: Dalegarn.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. aug. 2018 08:04

Genser, jakke, lue, vottar og pulsvarmarar - i helga la Dale Garn ut åtte oppskrifter i Osrose-mønster på heimesida si.

– Heile kolleksjonen blir vist fram på Det historiske tunet på Lyngheim under Kystsogevekene søndag 9. september, fortel Os kommune i ei pressemelding.

Varaordføraren tok initiativ

Dale Garn sine ferskaste oppskrifter blei til etter initiativ frå varaordførar i Os, Laila Reiertsen. Ho kom over nokre rosemålte gjenstandar då ho rydda i heimen, og fekk ideen om å kombinera strikking med nokre av dei lokale mønstera frå den kjente rosemålinga.

• Les òg: Stadig fleire Os-roser i USA

– Strikking er jo veldig i tida, blant både unge og gamle. Eg tenkte rett og slett at det burde vere mogleg å kombinera rosemåling og strikkemønster.

• Les òg: Laila sin strikkeidé sett på vent

– Osrosemålinga er så flott og så viktig å halda i hevd. Samstundes er det jo ikkje slik at alle som kan måle, eller som har lyst til å ha rosemåling heime. Difor er det så viktig at vi kan tenkja nytt rundt gamle tradisjonar, seier Laila.

Dale Garn på studietur

Reiertsen tok kontakt med designar Iselin Hafseld hos Dale Garn. Ho tente på ideen med éin gong.

Iselin Hafseld kom på studietur til Os for å læra av rosemålarane Torunn Farsund og Hjørdis Juvik, og for å besøkja Bunadsverkstaden i Hegglandsdalen.

– Det er jo dei som er proffane. Men vi har hatt god dialog heile vegen, og eg har fått sjå skissene etter kvart som mønsteret utvikla seg, fortel Laila, som ikkje tener noko på ideen sin.

• Les òg: Selte 100 eksemplar av 12 år gamal rosemålebok

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.