Kultur | 22. feb. 2018

No kan vaksne læra av Patricia

Den populære kulturskulelæraren blir instruktør for nytt kompani i Oseana.

No kan vaksne læra av Patricia
Patricia Langeland. (Arkivbilde, foto: Karie Marie A. Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. feb. 2018 14:02

Oseana startar dansekompani for godt vaksne, med fokus på rørsle og kreativ dans.

Prosjektet, som startar i august i år, vil bestå av dansetimar i Vargasalen på Oseana éin føremiddag kvar veke.

Kompaniet blir leia av Patricia Langeland, som i årevis har hatt ventelister på sine klassar i kulturskulen.

– Eg gler meg til å skapa dans saman med vaksne og deira livserfaringar. Det blir også spanande å laga ei framsyning av og med menneske som har levd ei stund, seier Patricia i ei pressemelding frå Oseana.

Frivillig framsyning

Dansekurset, som er ope for både menn og kvinner, skal vara til ut på vinteren neste år, og blir avslutta med ei festframsyning i februar 2019.

– Vi håper at flest mogleg vil vera med på framsyninga, men det er ikkje eit krav. Alle som deltar på dansekurset kan velja sjølv, understreker Patricia.

Ideen og opplegget, som Patricia og arrangementssjef Berit Steen har forma saman, er inspirert av samtalar med den tidlegare dansaren Arne Fagerholt. Fagerholt står bak framsyninga «Patina» som blant anna blei vist under Festspillene i Bergen 2017.

– Det er nyleg opna for påmelding. Vi trur dette kan bli både sosialt og morosamt, seier Berit Steen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.