Lokal | 08. feb. 2018

No kjem det fortau

Trygg skuleveg til Lunde barneskule. – Fortauet har aldri vore så nære.

No kjem det fortau
I Torkjelsvegen skal det no byggast fortau for å sikre skulevegen til Lunde Barneskule (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 08. feb. 2018 10:58

I mars 2017 sendte Plan- og bygningsutvalet reguleringsplanen for Torkjelsvegen i retur då dei meinte at løysinga i den ikkje var god nok. http://www.midtsiden.no/framleis-ikkje-godt-nok

I formannskapet tysdag ba Eirik André Hesthamar (Frp) om status.

– Eg har fått fleire henvendelsar på kva som er status i arbeidet med fortau og trafikksikring rundt Lunde Barneskule. Kva er status, undra Hesthamar.

Kommunalsjef Aina Tjosås kunne koma med positive nyhende som svar.

– Planen er godkjent og vi skal snart setta igang med arbeidet. Vi har inngått avtale med nabo, slik at vi trekker fortauet lengre inn. Vi står på trappene til å kunne ta til, svara Tjosås som antyda oppstart i løpet av våren.

– Men det har foreldra hørt før, repliserte Hesthamar.

– Fortauet har aldri vore så nære som det er no, kom det kjapt frå Tjosås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.