Lokal | 24. mai 2012

No kjem Sotra-røyken til Os

Skogbrannen som har herja på Sotra sidan onsdag ettermiddag blei frå i kveld av merkbar i Os.

No kjem Sotra-røyken til Os
Her kjem røyken innover Os frå Sotra torsdag kveld. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. mai 2012 20:10

Torsdag i 21.30-tida fekk Midtsiden fleire meldingar om røyk på veg inn over Os frå nordvest.

Ein av dei skriv at ho håper det ikkje er brann i Os, ei anna har utsikt mot fjorden og seier ho reknar med at røyken kjem frå skogbrannen på Sotra.

– Ho har rett. Det brenn ikkje i Os, men ugunstig vindretning for vår del gjer at det no kjem røyk frå Sotra inn over Os, stadfestar brannsjef Stein Gjøsund.

Det var i 16-tida onsdag at det blei varsla skogbrann på Kausland, sør på Sotra. Brannvesenet kjempar framleis mot flammane i det som blei ein storbrann.

Les meir om brannen på Sotra på BT.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.