Lokal | 13. jan. 2019

No kjem vinteren til Os

Melder snø og kuling dei tre neste dagane. Så skal det smelta. Og frysa på.

No kjem vinteren til Os
Det er meldt snø og kuling i Os dei neste dagane. Så kjem ein periode med sol og fleire minusgradar. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. jan. 2019 08:48

Det går mot sesongens første periode med kvite bakkar i Os, om ikkje alt smeltar vekk på tysdag.

Det er meldt kaldare vêr frå i kveld til tysdag morgon. Storm.no melder snøbyger i kveld, måndag og tysdag morgon.

Tysdag og onsdag skal det bli varmare, 4-6 gradar, men frå torsdag er det venta sol, minusgradar og stadig kaldare fram til helga.

Kuling og snø

Det er meldt lettskya og opphaldsvêr i dag, søndagen, men vindstyrken skal auka frå lett bris til frisk bris utover dagen.

Måndag skal det blåsa liten kuling (10-12 m/s) frå nord. Vindstyrken skal halda seg kraftig, på 8-9 m/s, gjennom tysdagen.

Storm melder snøbyger i Os kvar dag frå søndag kveld til torsdag kveld.

Yr melder snø berre natt til tysdag og onsdag kveld.

Frå 6 pluss til 8 minus

Temperaturen er venta å ligga mellom 1 minus og 1 pluss fram til tysdag morgon.

Tysdag er det meldt 5-6 gradar, onsdag 2 til 4 varmegradar.

Så kjem ein lengre periode med sol, svak vind og stabil kulde.

2 minus på torsdag, 4 minus på fredag og ned i 6 til 8 minus laurdag og søndag.

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro frå Yr og Storm side om side på Pent.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.