No kom «pinsevêret»!
Skal vara lenge.

Etter ein grå og våt pinse har det denne veka sett lysare ut.
Nedbøren skapte ein fin start på fiskesesongen i Oselvo, og no skin sola også for oss utan makk og stang.

Det er meldt opphaldsvêr gjennom helga og så langt varselet rekk, altså ut neste veke.
Laurdag er det venta overskya eller lettskya tidleg på dagen, men skyfritt frå 16-tida av.
Temperaturen skal halda seg på 15-16 gradar, men Yr og Storm er usamde om søndagen.
Yr melder nemleg 20 gradar søndag, Storm melder 13.
Begge melder noko skya midt på dagen, men skyfri formiddag og kveld søndag.
- Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent.
Vidare er det meldt overskya måndag, lettskya tysdag og meir eller mindre skyfritt frå onsdag.
Temperaturen skal auka frå 14-15 til rundt 17 gradar utover i veka.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.