Næringsliv | 10. mars 2013

No legg også G-Sport ned

Talet på sportsbutikkar i Os blir halvert.

No legg også G-Sport ned
Plakatane om sal heng tett på G-Sport-fasaden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. mars 2013 08:13

Tysdag 12. februar var det konkursopning i Rosvold Sport Os AS. Den same veka fekk Midtsiden tips om plan om nedlegging av G-Sport på Os.

– Vi har ingen konkrete planar om å legga ned, men G-Sport Os er ein butikk vi har litt fokus på for tida, sa marknadsdirektør i Gresvig Kjetil Løken til Midtsiden for knappe tre veker sidan.

No heng det plakatar om opphøyrssal på G-Sport i Os sentrum.

Ifølgje Os & Fusaposten laurdag har ikkje samtalar med huseigar om lågare leige eller utviding av lokale ført til noko partane meiner dei kan tena pengar på, så det blir no kjørt ei styrt avvikling av butikken.

Opphøyrssalet skal vara til 15. mars. Med det er talet på sportsbutikkar i Os redusert frå 4 til 2 på cirka éin månad.

No er berre Sport1 og MX Sport igjen, begge ligg som kjent å AMFI Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.