Kultur | 18. juni 2019

– No må eg smi mens jernet er varmt

Rolv Lyssand Bjørø og filmen «Another World» henta heim fire prisar frå Las Vegas.

– No må eg smi mens jernet er varmt
Rolv Bjørø Lyssand sin film «Another World» vart før helga heidra med fire prisar frå Vegas Movie Awards. 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 18. juni 2019 09:53

Bildeserie:

Filmen er no med vidare i konkurransen om beste «Fantasy-film.
Filmen er no med vidare i konkurransen om beste «Fantasy-film.
«Another World« har allereie hausta fleire nominasjonar og prisar.
«Another World« har allereie hausta fleire nominasjonar og prisar.
Tor Edvin Eliassen fekk pris for beste foto.
Tor Edvin Eliassen fekk pris for beste foto.
Sebastian Andre Haugland kom rett frå teaterscenen til film med Bjørø.
Sebastian Andre Haugland kom rett frå teaterscenen til film med Bjørø.
No skal Bjørø gjera ferdig ein dokumentar for Pandora Film, og skal det skrivast filmanus. (Foto: Den Flittige Maur Produksjoner)
No skal Bjørø gjera ferdig ein dokumentar for Pandora Film, og skal det skrivast filmanus. (Foto: Den Flittige Maur Produksjoner)
1 av 5
Filmen er no med vidare i konkurransen om beste «Fantasy-film.
«Another World« har allereie hausta fleire nominasjonar og prisar.
Tor Edvin Eliassen fekk pris for beste foto.
Sebastian Andre Haugland kom rett frå teaterscenen til film med Bjørø.
No skal Bjørø gjera ferdig ein dokumentar for Pandora Film, og skal det skrivast filmanus. (Foto: Den Flittige Maur Produksjoner)

I februar fekk filmen sin sjette pris, i London, no haustar Bjørø merksemd i USA.

«Vegas Movie Awards» er ein uavhengig pris, og bak prisen står det filmakarar sjølv. Dei deler ikkje berre ut prisar éin gong i året - dei gjer det kvar månad.

På fredag henta Bjørø og teamet hans ut fire prisar under juni-utdelinga.

Les òg: Filmen han berre måtte laga

Beste skodespelar og beste bi-rolle

Sebastian Andre Haugland vart heidra med pris for beste hovudrolle, og Axel Bøyum fekk pris for beste beste bi-rolle.

– Eg tykkjer det er stor stas at begge to fekk denne merksemda fortel Bjørø.

– Bøyum er no å sjå i serien «Heimebane», og han har allereie hausta ei Gullrute for rolla si der. Han er verkeleg up-and-coming om dagen, og ein dedikert og profesjonell skodespelar, totalt blotta for stjernenykker.

Når det gjeld Haugland kan Bjørø fortelja at han ikkje gjorde det lett for skodelspelaren då dei filma «Another World»;

– Haugland kom rett frå teaterscenen og hadde ikkje jobba med film før. Dei andre skodespelarane hadde alle erfaring frå film, og måten Haugland løyste alle utfordringane på gjer berre at prisen kjennest endå meir rett. Å be ein skodespelar, som til då var van med å jobba innomhus, å trekkja til fjells for å symja i eit vatn som heldt 3 gradar, er ikkje for alle.

– Haugland heiv seg bokstavleg talt rett ut i alle utfordringane eg gav han.

Beste film og foto

Det var ikkje berre skodespelarprestasjonane som vart lagd merke til; «Another World» fekk òg prisar for beste foto og pris for beste «fantasy-film».

- Det hadde ikkje blitt noko film utan Tor Edvin Eliassen, kjem det ærleg frå Bjørø.

– Han er botnsolid, og ein som kan jobba like hardt som meg.

– Eg hugsar at då vi sat med klippinga av filmen kunne eg spola gjennom filmen, trykkja stopp kor som helst, og det ville alltid vera eit perfekt bilde som kom fram.

Bjørø fortel at dei neste seks åra er Eliassen å rekna som noko vel oppteken;

– Han går no på den polske filmskulen, same skulen som fotografen til Steven Speilberg er utdanna ved. Om eg ikkje tek feil er han den einaste frå Skandinavia som kom inn, og det første året ved skulen går i all hovudsak ut på å læra seg polsk, fortel Bjørø.

– Når han kjem ut derifrå om nokre år kan vi rett og slett venta oss store ting frå Eliassen, så eg ser fram til å jobba med han att.

Vegas 2020

At «Another World» òg fekk pris for beste «Fantasy-film» inneber at Bjørø må ha kofferten klar i mai 2020.

– Ja, no er eg sikra ein plass vidare i konkurranse med andre månadsvinnarar. I mai 2020 er eg invitert til Las Vegas for å sjå om filmen vinn heile kategorien, fortel Bjørø.

– Då vert det ein stor event med rød løpar og heile pakken. At vi fekk all denne merksemda frå USA, på dagen eitt år etter førpremieren for filmen, gjer det heile endå meir spesielt.

Naturen er ein eigen karakter

– Du har allereie hausta ein del prisar for «Another World», og ikkje minst merksemd, som du no fekk frå bransjefolk i Las Vegas -kva er det som driv deg, er det prisane og raud løpar?

– For all del, det er kjekt med prisar og merksemd, dette fungerer jo som døropnarar for meg for framtidige prosjekt,

– Ingenting slår uansett den kjensla av å sitja saman med publikum og sjå filmen - korleis vil dei reagera, vil dei reagera på «dei rette stadane« og kva tenkjer dei om kva eg har laga. Det er det som driv meg.

– Du fortel at naturen er viktig for filmane dine, og dette er noko du verdset høgt. Kvifor ikkje berre halda deg innomhus i staden for å trekkja til skogs og til fjellet kor vêret gjerne ikkje speler på lag i det heile?

– Då eg regisserte «Song til Os» gjekk det opp for meg kor utruleg mykje flott, filmatisk natur vi har i Os.

Naturen er ein eigen karakter, og denne vil eg nytta meg av. Når eg no har reist rundt i verda med «Another World» har eg fleire gonger fått kommentarar på kor gode «locations» filmen har. Fleire har sagt til meg at desse må eg halda hemmeleg, for folk i Hollywood hadde betalt godt for få kunna nytta dei.

– Eg tenkjer at det held ikkje berre med litt flott drone eller flyfoto, og så «kløpper» du rett inn i ein bygning eller eit studio - det må gjerast ekte, så då får vi tola litt regn og kalde dagar i felten.

Førdefjorden og nytt manus

Bjørø jobbar for tida med ein dokumentar for Pandora Film i Bergen;

– Dette vert ein spanande og spesiell dokumentar kor vi følgjer to gutar som ser på kva konsekvensar eit sjødeponi for gruveafall i Førdefjorden vil medføra. Dette skal eg halda på med ut denne månaden, og så skal eg rett og slett setja meg ned å skriva litt filmmanus.

Bjørø vil ikkje seia så mykje om kva dette inneber, men ferdig med «Another World» er han ikkje;

– Nei, no må eg nytta den merksemda filmen har fått - og får, og smi jernet som berre juling.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.