Lokal | 22. feb. 2017

– No ska' da smella om to minutt!

E39: Høyr drønnet og sjå ordføraren skvetta til då avgjerande salve blei fyrt av i Skogafjellstunnelen i dag.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 22. feb. 2017 13:20

Bildeserie:

Svegatjørn i dag. (Foto: KVB)
Svegatjørn i dag. (Foto: KVB)
Geir Brekke frå SVV orienterte. (Foto: KVB)
Geir Brekke frå SVV orienterte. (Foto: KVB)
Ein av to bruer i Endelausmarka er ferdig støypt. (Foto: KVB)
Ein av to bruer i Endelausmarka er ferdig støypt. (Foto: KVB)
Det store skaret. (Foto: KVB)
Det store skaret. (Foto: KVB)
Løpet til høgre går frå Os til Bergen. (Foto: KVB)
Løpet til høgre går frå Os til Bergen. (Foto: KVB)
Ordførar Bruarøy gav ordre om avgjerande salve. (Foto: KVB)
Ordførar Bruarøy gav ordre om avgjerande salve. (Foto: KVB)
Gjestane fekk bli med inn i fjellet. (Foto: KVB)
Gjestane fekk bli med inn i fjellet. (Foto: KVB)
Prosjektleiarane Ottesen (SVV) og Slåke (Veidekke) heldt tale. (Foto: KVB)
Prosjektleiarane Ottesen (SVV) og Slåke (Veidekke) heldt tale. (Foto: KVB)
Så var det tid for sprudlevatn. (Foto: KVB)
Så var det tid for sprudlevatn. (Foto: KVB)
Rådmann og varaordførar var òg på plass. (Foto: KVB)
Rådmann og varaordførar var òg på plass. (Foto: KVB)
Neste milepæl kjem i mars; støyping av brua som går over ny E39. (Foto: KVB)
Neste milepæl kjem i mars; støyping av brua som går over ny E39. (Foto: KVB)
1 av 11

I dag fekk ordførar Marie Lunde Bruarøy (H) gje ordre om siste salve i vestre løp (retning Os) av Skogafjellstunnelen (1,5 km).

Det er no gjennomslag i fjellet, det første i prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal, noko som blei markert med kake, kaffi, sprudlevatn og fleire inviterte gjestar.

Gjestane fekk seg ein tur inn i fjellet for å høyra talar og sjå steinrøysa frå siste salve.

– Gjennomslaget skulle kome for nokre veker sidan, men det har vore ein del vatn i tunellen og hol å tetta. Nokre veker har likevel lite å seia i dette prosjektet, som skal vara til 2022, sa prosjektleiar Sverre Ottesen frå Statens vegvesen.

• I morgon er det akkurat eitt år sidan første salve. Her kan du sjå video av salven 23. februar 2016.

Tunellen svingar så mykje at du ikkje såg opning i nokre av endane. Løpet i retning Bergen er det cirka 300 meter igjen å driva.

Om eit par veker blir tunellen anleggsveg frå Svegatjørn til Endelausmarka, og dagens anleggsveg frå Åsen (Lyseklostervegen) skal ryddast heilt vekk. Den nye fylkesvegen mellom Endelausmarka og Åsen, som skal vidare til Drange, skal gjerast ferdig i år, men ikkje brukast før ny E39 er ferdig.

Midtsiden samleside: Alle sakene våre om E39 Svegatjørn-Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.