Lokal | 12. sep. 2014

– No skal champagnen sprettast

E39 Svegatjørn-Rådal: Terje Søviknes og Gustav Bahus jublar over beslutninga. – Dette betyr mykje for Os, Bergensregionen og Vestlandet.

– No skal champagnen sprettast
Terje Søviknes og Gustav Bahus gler seg til å spretta champagnen for å feira regjeringa sitt vedtak om nyevegen til Bergen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 12. sep. 2014 11:13

Dei hadde lyst til å spretta champagnen med ein gong, men lot det venta.

– No skal vi jubla over at regjeringa i dag har gitt grønt lys for å starta prosjektet mellom Os og Bergen, så får vi spretta den litt seinare i kveld.

– Eg har hatt ei liggande på kjøl i eit par år allereie, så nokre timar skal vi klara å ventar, smiler ordførar Terje Søviknes (Frp).

Les og: E39: Stadfestar klarsignal!

– Skal sørga for rask handsaming

Dei to osingane, var berre to av mange, som jubla då regjeringspartia høgre og Frp inviterte til pressekonferanse på Oseana fredag.

– Eg gler meg til å gripa fatt i proposisjonen når den kjem i transport og komunikasjonskomiteen.

– Vi skal i allefall gjera vårt for at den går raskt gjennom både komite og storting, forsikra Torill Eidsheim (H).

– Eg er glad for at regjeringa har klart å auke den statlege delen til 60% av prosjektet og at det no andelen bompengar er nede i 40%.

Viktig for verdiskapinga

Det fekk ho støtte for frå Frp sin stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter.

– Dette er ein gledens dag for heile Vestlandet og betyr mykje for verdiskapinga på heile vestlandet.

– Det er eit prosjekt det har vore jobba lenge med, men berre eitt år etter ny regjering er den no ferdighandsama og klar for stortinget.

– Eg håper den kan bli hansama rakst med oppstart i 2015 og at vi kan lukta på nylagt asfalt i 2021.

– At vi på toppen av det heile ikkje får bompengeinnkreving før prosjektet står ferdig gjer det ennå betre, strålte Hagesæter.

Framleis uavklart

Sjølv om politikarane jubla over avgjera, så ligg det framleis eit lite stykke arbeid for dei lokale politikarane.

– Alt er klart av reguleringar og dei tinga, men vi har framleis ikkje fått avklart om vi kan få til eit bompengefritak for dei som bur i Nordvik og Kalandseidområdet.

– Det ligg ikkje inne i denne proposisjonen, men samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen har forsikra meg at vi skal sjå vidare på det.

– Uansett så er dette ein fantastisk dag, som betyr mykje for mange, pendlarar, næringa og ikkje minst at vi får utløyst det området som ligg i og ved Lyseparken, sa Søviknes.

Viktig med regjeringsskifte

Leiar av samferdselsutvalet i fylkeskommunen, Gustav Bahus, fortel at regjeringsskiftet nok har vore viktig for å få saka i hamn.

– Det gjer at vegen til beslutningstakarane har blitt mykje kortare.

– No hadde eg god dialog med Magnhild Meltveit Kleppa då ho var statsråd òg, men det er klart at vi har merkt at vi har våre eigne i departementet.

– Dei har stått på til alle døgnets tider, fortel Bahus medan han visar fram tekstmeldingar han har hatt med statsekretæren klokka 01.30 om natta.

– Dessuten er dette eit unikt prosjekt. Her er alt klappa og klart frå Vegvesenet si side. Prosjektorganisasjonen er på plass og anbodsgrunnlaga er meir eller mindre berre å senda ut når stortinget har fatta vedtaket.

– Det er det ikkje så mange andre prosjekt tilsvarande i, avsluttar Bahus med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.