Lokal | 24. nov. 2012
No skal det snu
Etter ei søkk våt veke går vi no opphaldsvêr og sol imøte.
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 24. nov. 2012 18:13
På tampen av ei veke med mykje regn har vi i dag hatt ein tørr og mild laurdag.
Bortsett frå noko nedbør søndag ettermiddag og natt til måndag skal det tørre fine vêret halda fram, men med meir sol og noko lågare temperaturar og minusgradar om nettene.
Både Yr og Storm melder nedbør søndag ettermiddag og fram til morgonen måndag, men frå tysdag skal det bli lettskya, rundt 5 varmegradar på dagtid og opphaldsvêr fram til og med helga.
Onsdag ligg an til å bli den finaste dagen, med skyfri himmel, 4-5 gradar og 3-6 m/s vind.