Lokal | 10. sep. 2012

No skal hamna sikrast

Os Sjøfront droppar nye forsøk på bølgebrytarar, forlenging av moloen blir løysinga.

No skal hamna sikrast
Bølgebrytaren er redusert frå 120 til 24 meter. No skal den erstattast av forlenga molo på 35 meter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. sep. 2012 08:31

Bildeserie:

Sånn var hamna planlagt. (Ill. Os Sjøfront)
Sånn var hamna planlagt. (Ill. Os Sjøfront)
Men førebels er 80 plassar lagt ut. Dei fleste er selt. (Foto: KVB)
Men førebels er 80 plassar lagt ut. Dei fleste er selt. (Foto: KVB)
No er 4 x 6 meter lange nye brygger på plass. (Foto: KVB)
No er 4 x 6 meter lange nye brygger på plass. (Foto: KVB)
Bølgebrytaren tålte ikkje desse desember-bølgene. (Foto: KVB)
Bølgebrytaren tålte ikkje desse desember-bølgene. (Foto: KVB)
Dagen derpå. (Foto: KVB)
Dagen derpå. (Foto: KVB)
I dag er dei fleste båtplassane selt, men 16 nye er på veg til å bli montert. (Foto: KVB)
I dag er dei fleste båtplassane selt, men 16 nye er på veg til å bli montert. (Foto: KVB)
1 av 6

Os Sjøfront skulle bygga 200 båtplassar på innsida av den nye moloen på Mobergsneset.

I mai i fjor fekk Alutec kontrakt på dei første 80 plassane, allereie i juni var desse på plass. No ser det ut som om det kan bli med knappe 100 båtplassar.

– Dei fleste er selt, i tillegg har kommunen 20 gjesteplassar. Men no har vi fått to nye brygger så vi i alt har 96 plassar og rundt 16 for sal, fortel prosjektleiar Karianne Strømme til Midtsiden.no.

– Førebels nøyer vi oss med dei 96 plassane. No held vi på å henta inn prisar på forlenging av moloen.

Bølgjebrytar som svikta

Før bryggene blei lagt ut, i februar 2011, blei den 205 meter lange moloen forlenga med 10 x 12 meter lange bølgebrytarar.

Som fleire spådde heldt ikkje desse mål, i kuling i desember i fjor hadde dei vippa lenge nok til at vire-ane knippa og betongelementa låg kvar for seg, heldigvis forankra i botnen i tillegg til i kvarandre.

Vil forlenga moloen med 35 meter

Strømme fortel at dei førebels har gjeve opp å skjerma hamna med noko flytande.

– Det er så grove dimensjonar som må til.

No har dei bestemt seg for å forlenga moloen.

– Vi er ute og hentar inn prisar og håper på at arbeidet kan starta snarast.

Tar sjøvegen

Dei som bur og bruker området treng ikkje å uroa seg for ein periode med ekstra tung tungtransport.

– Vi må nok få steinen til resten av moloen levert med lekter, seier Strømme.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.