Fotball | 19. nov. 2019

No skal kretslagspelarane analysera seg sjølv

– Ansvar for eiga utvikling er noko av det viktigaste vi kan læra frå oss, seier trenar Remy Bilsback.

No skal kretslagspelarane analysera seg sjølv
Sebastian Plätzer (2005), Jonas Kvam (2005) og Henrik Berge (2006) spelte mot Rogaland på Bremnes laurdag. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. nov. 2019 12:04

Bildeserie:

– Sebastian er spesielt god på å lesa spelet, meiner kretslagstrenaren.
– Sebastian er spesielt god på å lesa spelet, meiner kretslagstrenaren.
1 av 1
– Sebastian er spesielt god på å lesa spelet, meiner kretslagstrenaren.

Årets tre alderstrinn for kretslaga er jenter og gutar fødde i 2004, 2005 og 2006, som trener etter mal frå NFF Landslagsskolen.

Treningane er i gang, og i helga var gutane på Bremnes for å spela mot Rogaland og jentene på Karmøy.

• Les òg: Ti spelarar frå Os på krets- og skyggelag

Spelarar frå Osbygda som deltok var Sebastian Plätzer (Os) og Jonas Kvam (Lysekloster) i gutar 2005, Henrik Berge (Os) i gutar 2006 og Anna Rød (Os) på jenter 2004.

– Nokre spelarar var sjuke eller skadde, og vi ville uansett ikkje ta med oss for store troppar til denne eine kampen. Dei som ikkje fekk spelt no, får kamperfaring når vi seinare skal spela mot Sogn og Fjordane, seier Remy Bilsback.

– Ein gøy kamp å sjå på

Bilsback leia Hordaland G05 i kamp mot Rogaland laurdag.

– I juni stilte vi sterkt, mens Rogaland mangla nokre av sine beste, og vi vann 4-0. Denne gong var det vi som kanskje kunne stilt endå kvassare, og kampen blei jamnare. Den kunne ha vippa begge vegar, men vi tapte 0-1.

– Resultatet er uansett underordna. Samla sett var det mykje bra av begge lag, ein gøy kamp å sjå på og truleg også ein gøy kamp å spela. Vi fekk til mykje av det vi øver på, også det vi hadde fokus på i denne kampen, å koma til i bakrom på øvste tredel av banen. Sånn vi ser det skapte vi 5-6 store sjansar, Rogaland 3.

Dette er Sebastian og Jonas gode på

Spelarane frå Os, Sebastian og Jonas, blei brukt som indreløparar i 4-3-3-formasjon.

– Jonas spelte òg anker på midtbanen, men han liker seg best som indreløpar.

Bilsback synest begge har tatt store steg etter at han sist såg dei to i aksjon.

– Jonas har blitt endå meir komfortabel med ball, og er frå før ein av få på denne alderen som er skikkeleg god med hovudet.

– Sebastian er både fysisk tøffare og endå flinkare innan det som frå før er ein av hans spesialitetar; å lesa spelet, koma seg fri og å spela andre gode. Han er ein god problemløysar, rett og slett.

Skal analysera seg sjølv ut frå video

Ved sidan av det å få trena saman med andre ambisiøse og flinke fotballspelarar frå andre klubbar, ønskjer kretsen å læra spelarane å bli flinke til å ta ansvar for eiga læring.

– Spelarane vil få video frå kampen, og skal ut frå denne finna 4-5 situasjonar der dei sjølv har vore involvert, med ball eller som førsteforsvarar.

– Så skal dei kommentera eigne val og prestasjonar i kvar situasjon, og få høyra våre kommentarar til korleis dei løyste desse situasjonane. Dette kan gi god læring.

Vidare held dei fram med trening gjennom vinteren, og ulike årstrinn skal møta nabofylket i nord til ulike datoar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.