Lokal | 14. feb. 2017

No står klatreparken ferdig

Legg du søndagsturen om Lyngheim med ungane, kan du no nytta deg av den nye leikeparken.

No står klatreparken ferdig
No har gummidekket kome på plass og klatrestativet er ope for bruk (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 14. feb. 2017 08:14

Allereie sommaren 2015 godkjende kommunestyret aktivitetsanlegget på Lyngheim som eit nærmiljøanlegg med tilhøyrande investeringsmidlar.

Etter ein god del diskusjon fram og tilbake, konkluderte kommunen med at at klatrestativet skulle plasserast inn under bergnabben kor kyststien går over.

I oktober kunne kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, fortelja at leikeapparatet var bestilt og at ein håpa på montering i november.

Leikeapparatet kom, men regn og dårleg vêr gjorde at ein måtta venta med sluttarbeida og legging av gummidekke under klatrestativa.

– No er alt på plass og leikeapparata på Lyngheim opna. Offisiell opning blir 29. mars, når tenesteutvalet skal ut på befaring der, fortel Tjosås, men allereie no er det altså fritt fram til å boltra seg i apparata.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.