Lokal | 21. juli 2015

– No vil alle ha stor motor

Båtens Beste fortel om ein litt rar, men veldig kraftfull sesong.

– No vil alle ha stor motor
Jonathan Dyrstad fortel at kundane i større grad vil ha så kraftig motor som mogleg. Her med C75 med 300 hk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. juli 2015 09:43

Bildeserie:

C75, som var ny i fjor, har i år fått nytt interiør og ny dørk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
C75, som var ny i fjor, har i år fått nytt interiør og ny dørk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
C61 center console er ny i år, og ein bestseljar. (Foto: Askeladden Boats)
C61 center console er ny i år, og ein bestseljar. (Foto: Askeladden Boats)
C61 kjem også som bow rider. (Foto: Askeladden Boats)
C61 kjem også som bow rider. (Foto: Askeladden Boats)
1 av 3
C75, som var ny i fjor, har i år fått nytt interiør og ny dørk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
C61 center console er ny i år, og ein bestseljar. (Foto: Askeladden Boats)
C61 kjem også som bow rider. (Foto: Askeladden Boats)

Jonathan Dyrstad hos Askeladden-forhandlar Båtens Beste har normalt demobåtar på nærmast alle dei 14 Askeladden-modellane liggande i brygga.

– Frå slutten av juni har det gått unna. Demobåtane flaksar ut av butikken, fortel Jonathan.

– Vi sel rundt 40 båtar i året. Men det har ikkje vore høgt tempo heile vegen, så det blir nok ikkje noko rekordår. Vinteren og våren var bra, men frå 17. mai var det som om nokon slo av ein brytar. For vår del blei det ikkje fart i marknaden igjen før skuleferien starta.

Seinsommaren kan bli avgjerande

Dyrstad trur dei flyt litt på den gode sommaren i fjor. Om ikkje årets sommar blir varmare med vekene som kjem, fryktar han at det kan gå ut over haustsalet og 2016.

– Folk veit jo at det svingar frå år til år, men likevel er vi i ein veldig vêravhengig bransje. Hausten er ei viktig salstid for oss, og får vi ein fin seinsommar så hjelper det veldig på.

Mange av båtane som kjem inn i haust er allereie selt, men ikkje alle.

Skulle kjøpa to redningsvestar - endte med ny båt

I førre veke selte han blant anna tre eksemplar av årets nye modell, C61. C61 kjem både som bowrider og center console (skjergardsjeep).

Det i seg sjølv er omsetnad på over ein million kroner. I tillegg gjekk demobåten på C75 ut av brygga, ein båt til over 700.000.

– C61 er no vår billigaste båt, til rundt 350.000 kroner. Den er moderne i design, den knuser vår tidlegare bestseljar Wasper på alt av eigenskaper i skroget, og den er rask.

Dyrstad er nøgd med å, etter nokre år med fokus på heilårsbåtane i P-serien, vera tilbake for fullt i marknaden for skjergardsjeep og daycruisarar.

– Enkelte handlar på impuls. Ein av dei som kjøpte C61 i førre veke var i utgangspunktet berre innom for å få seg to redningsvestar.

Snittstyrke: 176 hestekrefter

Bortsett frå P66 Multi, som startar på 70 hk som motorstyrke, er 115 hk lågaste og billigaste alternativ på dei minste Askeladden-modellane.

– Stadig færre vel det minste motoren, dei fleste vil no ha maksimal styrke.

Dei som er usikre blir ofte også anbefalt å velja ein stor motor.

– Det er fleire årsaker til det. Du betaler lite per ekstra hestekraft, du er betre rusta om du skal ha litt folk med deg og du har meir kraft om du skal driva med vannsport.

– Det ser dessutan ut som om bruktmarknaden er langt betre for dei som skal selja båtar med stor motor. Har du minste alternativ blir båten liggande lengre før nokon slår til. Då blir det gjerne også pruting og lågare pris enn først tenkt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.