Kultur | 31. jan. 2016

No vil «alle» laga låt til Netflix & Chill

– Vi kunne sikkert gjeve ut album, seier russen frå Os etter konflikten med DJ frå Bergen. Her er den nye låten deira.

No vil «alle» laga låt til Netflix & Chill
Nokre av medlemmane på russebilen Netflix & Chill. No har gutane fått ny låt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 31. jan. 2016 21:45

Tidlegare i januar fortalte vi om Os-russen som følte seg lurt av ein DJ frå Bergen.

Midtsiden fekk aldri kommentar av DJ-en, men til BA.no, som seinare omtalte saka, seier han at han har brukt mykje tid på låta og at årsaka til at låtane liknar er at han har brukt lovlege sample.

– Vi er ikkje ferdig med saka, det blir Forbrukerrådet eller anmeldelse om han ikkje svarer på eit brev vi er i ferd med å senda til han, seier russen.

– Han kunne sagt at han ville ordna opp for seg, betalt tilbake eller laga den første låta ferdig, så kunne han kome godt ut av det. I staden forsvarer han seg mens både vi og artikkelen til BA har fått kommentarer som støttar oss.

Midtsiden har fått tilbakemelding frå nokon som var russ i Bergen i fjor, som skriv om liknande problem med same DJ.

«Vi fikk to låter av samme DJ, og fikk i god tid før slippfesten høre knallgode utkast som vi digget. Rett før festene "mistet" han disse filene, eller ombestemte seg, og kom med noe helt annet og av dårligere kvalitet, som også viste seg å være plagiat av en veldig kjent DJ» skriv ei jente som var russ i Bergen i 2015.

Mange som vil hjelpa

Etter omtale i to aviser (Midtsiden sin artikkel om russelåten er lest over 9000 gongar) har Os-russen fått over hundre støttande kommentarar.

– Vi har og blitt kontakta av over 20 produsentar og russ på større bussar som kjenner folk som vil laga ny låt til oss billig eller gratis.

– Det har vore utruleg kjekt med så mykje støtte, det har blitt sånn at vi har fleipa med at vi kan gje ut album til våren.

Fekk låt av LMG

Gutane på Netflix & Chill, Vu Pham Vo, Simen Moesgård, Steffen Ljosheim, Torstein Ask, Jøran Helland, Birk Kvalvåg, Anders Kolle og Johnny Harald Vågen, seier dei truleg kjem til å få seg fire eigne låtar til russetida startar.

– Ein av dei første som kontakta oss, Lydar Media Group (LMG) i Bergen. Dei framstår som veldig profesjonelle, dei ville produsera ein låt gratis og har allereie levert.

LMG driv med lyddesign, mixing, produksjon og ADR (automatic dialogue replacement), og var i oktober omtalt på Business Region Bergen si heimeside med intervju med gründer Stian Sælen.

– Dei satsar på mest mogleg innomhus produksjon og ein av dei tilsette ved studioet, Chris Nesse har produsert for oss.

– Vi er kjempenøgd med låta, som blei lagt på Soundcloud i går. Låten kjem òg på Spotify, lover russen.

Lydar.no (skroll ned) kan du høyra Netflix & Chill sin ferske låt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.