Næringsliv | 28. mars 2011

Nøgd med nyebåten

- Den er i veldig god stand, seier Astrid Dale om nye Røttingøy. Båten skal byggast om for 10 millionar kroner.

Nøgd med nyebåten
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. mars 2011 13:13

I januar skreiv vi om Dales Rederi si ferske investering, ein 59 meter lang irsk trålar som skal bli nye MS «Røttingøy». Måndag 28. februar kom båten til Noreg og Rubbestadneset, onsdag 2. mars hadde Dales overtatt skipsskøytet.

- Det er ein flott og moderne båt med mykje bra utstyr og fin innreiing. Då vi hadde den i dokk på Rubbestadneset fekk vi heller ingen negative overraskingar, seier dagleg leiar Astrid Dale.

Båten, som heitte MS Paula då familien Dale kjøpte den, er 7 meter lengre og 2 meter breiare enn dagens MS «Røttingøy». Den har også nesten 50 prosent betre lastekapasitet.

Under ombygging

No ligg båten der den blei bygd, hos Eidsvik SKipsbyggeri i Uskedalen. Der skal den byggast om frå trål til not, eit arbeid som kostar rundt 10 millionar kroner.

- Vi kunne tatt den ut av landet for ombygging, men er glade for at vi fekk ein avtale som gjorde at vi kunne få jobben gjort her i Noreg, seier Dale.

- Alt trålutsty er no fjerna. Arbeidet held fram med fundamentering på og under dekk til ringnot og vinsjar. I tillegg skal det byggast notbinge akter på båten.

Sokk ved kai - blei bygd om

MS Paula, som var ny i 1994, sokk ved kai i Måløy vinteren 2004. Nokre opne botnventilar var årsaka, berre taket på styrhuset stakk opp.

Også den gong hamna den tilbake i Uskedalen, og då var det full ombygging, med ny maskin, nytt utstyr og ny innreiing. Båten framsto som ny i 2005.

- Dette er berre seks år sidan. Båten er framleis moderne og i veldig god stand.

To månadar utan båt

MS Paula skifta namn til MS Buland då Dale-familien overtok båten for cirka ein månad sidan.

- Namnet har vore i bruk av rederiet før, på 50-talet, då det var tre fiskebåtar på Gjeleviken. Men no blir det berre som prosjektnamn, sidan Røttingøy-namnet er opptatt ei stund til.

Ombyggingsarbeidet skal vera ferdig innan 15. juni i år. Då blir det fest på Gjeleviken og open båt før nye Røttingøy skal rett på havet for å fiska nordsjøsild.

- Gamle Røttingøy er lagt ut for sal. Vanlegvis ville vi gått ut på nordsjøsilda i slutten av mai, men i år ventar vi nok til nyebåten er klar, silda kan fint vente til ut i juni, seier Astrid Dale.

(Retta: Vi skreiv først at gamle-Røttingøy var selt. Det var ikkje rett, men rederiet er i dialog med interessentar.)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.