Sport | 24. jan. 2019

Nøgde trenarar etter Os mot Fana

Os med flest sjansar, Fana med to mål på sommarføre på Nore Neset.

Nøgde trenarar etter Os mot Fana
Eit år etter at dei var del av same trenarteam, møttest Brenne og Håland til tidleg treningskamp, Os mot Fana. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. jan. 2019 22:43

Bildeserie:

Tidlegare i dag stilte Os og Fana til moking på Nore Neset.
Tidlegare i dag stilte Os og Fana til moking på Nore Neset.
I kveld var det bra med publikum. (Foto: KVB)
I kveld var det bra med publikum. (Foto: KVB)
Takle Eide frampå i opningsminuttet. (Foto: KVB)
Takle Eide frampå i opningsminuttet. (Foto: KVB)
Warhel Suleman frå Trio er på prøvespel for Os. (Foto: KVB)
Warhel Suleman frå Trio er på prøvespel for Os. (Foto: KVB)
Spelande assistent Rune Mo. (Foto: KVB)
Spelande assistent Rune Mo. (Foto: KVB)
Suleman fekk vist seg godt fram. (Foto: KVB)
Suleman fekk vist seg godt fram. (Foto: KVB)
Kasper Færøvik er tilbake på Os. (Foto: KVB)
Kasper Færøvik er tilbake på Os. (Foto: KVB)
Moldskred nær skåring. (Foto: KVB)
Moldskred nær skåring. (Foto: KVB)
Så kom ein periode der det måtte ryddast unna bak. (Foto: KVB)
Så kom ein periode der det måtte ryddast unna bak. (Foto: KVB)
Henrik Sperrevik klinte til. (Foto: KVB)
Henrik Sperrevik klinte til. (Foto: KVB)
Os i angrep igjen. (Foto: KVB)
Os i angrep igjen. (Foto: KVB)
Godt innlegg av Kvamsdal. (Foto: KVB)
Godt innlegg av Kvamsdal. (Foto: KVB)
2. omgang starta med 0-2-skåring av Hummervold (midten). (Foto: KVB)
2. omgang starta med 0-2-skåring av Hummervold (midten). (Foto: KVB)
Etter ei stund kom også Os seg i angrep igjen. (Foto: KVB)
Etter ei stund kom også Os seg i angrep igjen. (Foto: KVB)
Støvande klarering. (Foto: KVB)
Støvande klarering. (Foto: KVB)
Redning av Lunde. (Foto: KVB)
Redning av Lunde. (Foto: KVB)
Jonas Hovland. (Foto: KVB)
Jonas Hovland. (Foto: KVB)
Godt forsøk av Villén. (Foto: KVB)
Godt forsøk av Villén. (Foto: KVB)
Petter Austevoll. (Foto: KVB)
Petter Austevoll. (Foto: KVB)
Mikkelsen vann duellen på corner, men heada utanfor mål. (Foto: KVB)
Mikkelsen vann duellen på corner, men heada utanfor mål. (Foto: KVB)
Kvittingen åleine med keeper, men avslutta utanfor han òg. (Foto: KVB)
Kvittingen åleine med keeper, men avslutta utanfor han òg. (Foto: KVB)
Tobias Nøss har kome tilbake til Os frå Fana. (Foto: KVB)
Tobias Nøss har kome tilbake til Os frå Fana. (Foto: KVB)
Mikkelsen igjen, denne gong på frispark av silkefoten frå Spania. (Foto: KVB)
Mikkelsen igjen, denne gong på frispark av silkefoten frå Spania. (Foto: KVB)
1 av 23

Sesongens første treningskamp for Os og Fana blei framskynda frå laurdag til torsdag kveld.

Den mjukaste banen innan rekkevidde blei som alle andre banar i bergensområdet fylt med snø i natt, men eit stort dugnadskorps frå Nore Neset il, Os Fotball og Fana il ved trenar Ørjan Håland, stilte opp for å moka. Den nye banen skal nemleg helst ikkje brøytast med maskin.

Dei ganske mange som kom for å sjå kampen kommenterte dei sommarlege forholda på Skeie. Så kunne dei tidlegare trenar-kameratane Endre Brenne og Ørjan Håland få bryna seg på kvarandre.

Os - Fana 0-2 (0-1)
Målskårarar: Espen Jacobsen og Martin Hummervold.

Laga er avdelingsmotstandarar denne sesongen, Os etter opprykket i fjor, Fana med ambisjonar om å gjera det betre enn 7. plassen dei fekk i 2018.

21 mot 15

Fana stilte med 15 spelarar, alle er signerte for klubben, 5 av dei er heilt nye.

– Vi har ein del studentar i troppen, nokre av dei hadde viktige oppgåver og måtte stå over, fortel Håland.

Os stilte med skadefri stall på 21 spelarar, inkludert debutant og spelande assistenttrenar Rune Mo, Warhel Suleman (Trio) på prøvespel og 4 frå U-stallen (Os 2).

Os i 1. omgang: Kasper Færøvik - Warhel Suleman, Alexander Dale, Vegard Strønen Skeie, Harry Moore - Kristoffer Røttingen, Henrik Sperrevik, Rune Mo, Steffen Kvamsdal - Øystein Takle Eide, Mats Cato Moldskred.

Os skifta store delar av laget i pausen, men nokre av spelarane under kom innpå eit stykke ut i omgangen.

Os i 2. omgang: Anders Fossen Lunde - Petter Austevoll, Vegard S. Skeie, Jonas Hovland, Trym Hjørnevik - Marius Mikkelsen, Rafael Villén, Alexander Tøssebro, Tobias Nøss - Fabian Bødtker og Sander Kvittingen.

Friskt tempo

Brenne hadde fokus på press og gjenvinning, og sendte ein løpsvillig gjeng på banen. Takle Eide blei spelt fri og kom åleine med keeper i opningsminuttet. Så hadde Os to cornerar i løpet av dei første ti minuttane.

Fana prøvde seg på nokre overgangar, men heimelaget viste også vilje til å ta duellar i kulden.

0-1 kom etter innkast i rundt 15. minutt. Vidare følgde ein periode med press frå gjestane.

– Kampen kom tidleg i forhold til kva vi har hatt tid til å øva på, men i periodar klarte vi å skapa dei situasjonane eg hadde håpa vi skulle klara. Samtidig ser eg at Brenne har fått til ein del med Os allereie, at fleire unge allereie har tatt gode steg, og at dei frå før er samkøyrde.

Os var nær utlikning i 20. minutt og frå 30. minutt og fram til pause overtok Os pressen og skapte ein liten serie med sjansar.

– Det ser bra ut innimellom, men vi har eit godt stykke igjen til vi er der eg håper vi skal nå, seier Brenne.

Tabbe førte til 0-2

Andre omgang starta med corner imot. Tre minutt seinare blei eit uheldig tilbakespel snappa av det 22 år gamle nysignerte talentet Martin Hummervold, som kom åleine mot keeper skrått for mål, men skrudde inn 0-2.

Fana pressa mesteparten av tida av første halvdel etter pause.

Rafael Villén kom til eit fint skot 20 minutt ut i omgangen, og så byrja Os å få til spelet sitt.

– Samtidig byrja vi å bli noko slitne. Eg skulle helst hatt dobbelt så mange innbytarar i dag, seier Håland.

Siste halvdel blei det fleire store sjansar til Os, Kvittingen åleine med keeper, skot i tverrligger av Villén, der returen blei skoten i stolpen av Bødtker, nokre cornerar og eit frispark som Mikkelsen var nær å putta på.

Begge trenarane var nøgde etter kamp, både med at dei fekk gjennomført på fint føre, og med eigne prestasjonar.

Os-fans kan gle seg over at dei gule og svarte ser ut til å ha eit fungerande system på gang, og at dei ser kvasse ut allereie i januar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.