Nok ei tørr veke i vente
I ettermiddag skal det regna, så er det opphaldsvêr nesten så langt auget ser.


Ein solrik og strålande påske blei runda av med nokre regnbyger første og andre påskedag.
Dei neste dagane såg ut til å bli våte, men no har meldingane endra seg.
Det er meldt nedbør frå 12-tida i dag og fram til klokka 22.
Men resten av veka, og komande helg, skal det vera overskya, men opphaldsvêr.
Fredag kan bli eit unntak. Yr melder regn denne dagen, Storm melder opphaldsvêr.

Men begge er einige i at komande helg blir tørr. Yr melder overskya laurdag, Storm melder skyfri himmel.
Også starten på neste veke skal bli solrik. Då skal temperaturen opp i 12 gradar.
- Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.