Politi | 06. sep. 2021

Nok ein hjortepåkøyrsel ved Kloppamyra

Fekk hjort på panseret på Ulvenvegen.

Nok ein hjortepåkøyrsel ved Kloppamyra
Sirkelen viser hjorttråkket. I 2019 blei ein hjort påkøyrd her og slengt i fronten på ein møtande bil. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. sep. 2021 07:57

Fredag i 22.30-tida fekk politiet melding om påkøyrd hjort på Ulvenvegen.

– Uhellet skal ha skjedd nær Spar-butikken i Kloppamyra, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Det går eit hjortetrakk i svingen mellom Ulvensletta og avkøyrsla til næringsområdet. I november 2019 var det ei tilsvarande ulykke på staden, der ein hjort blei påkøyrd av éin bil og overkøyrd av ein møtande bil.

Svingen er mørk, men det heng i dag ein refleksvest på ein stolpe der det bratte tråkket kjem ned til asfalten.

Trafikkulykke på Ulvenvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy) 
Les ògPåkøyrd hjort slengt i fronten på møtande bil

Hjorten landa på panseret, men ingen personar blei skadd. Hjorten kan ha klart seg, for den sprang frå staden.

– Viltkontakt blei varsla, fortel Birkeland, som ikkje har kjennskap til resultatet av ettersøket.

Fann seks døde måsar - og eit lag med feitt

Laurdag i 12-tida fekk politiet melding i mogleg miljøkriminalitet.

– Det blei funne seks døde måsar mellom Røtinga og Ervikane. I same område blei det funne eit kvitt, feittliknande lag i sjøen.

Politiet var opptatt, men varsla brannvesenet.

18 bilistar hadde alt på stell

Politiet har Lysefjorden og trafikken over Fanafjellet som fokusområde for tida.

Frå klokka 00.15 til 01 natt til laurdag hadde dei trafikkontroll i Sperrevika.

– Patruljen kontrollerte trafikken begge vegar. 18 bilistar blei kontrollert, alle hadde alt i orden.

– Vi har blitt omdirigert ein del til Bergen og Bergen sør i helga, så det blei noko lågare aktivitet i heimbygda enn vanleg, fortel Birkeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.