Lokal | 01. jan. 2019

Nok eit stort straumbrot i Os

Over 1100 er utan straum. BKK Nett håper på innkopling i løpet av kvelden.

Nok eit stort straumbrot i Os
Status klokka 19.00, 1.119 utan straum i dette området. (Kart: BKK.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. jan. 2019 18:12

Etter fleire straumbrot i Hagavik, Strøno og Øyane på kvelden nyttårsaftan, frå Ulven til og med Søfteland i natt, og aust for Os sentrum på formiddagen første nyttårsdag, fekk heile Os nokre timar med straum til alle hus.

Men mens mange var på veg til Os hamn for å sjå årets fellesfyrverkeri, gjekk straumen i store delar av Os aust igjen.

Frå Lyssand og Hegglandsdale, til Hatvik, Lønningdal og Øvredal er til saman 1.119 abonnentar utan straum.

Straumbrotet skjedde klokka 17.25.

BKK Nett reknar med at alle har straumen tilbake rundt klokka 21.

– Feilen skal vera funnen. Eg har ikkje nøyaktig informasjon, men det skal vera snakk om eit tre som er velta over ei linje, seier kommunikasjonsrådgjevar i BKK Nett, Jan Kåre Austrheim til Midtsiden.

• Du kan sjølv sjå status på BKK Nett sitt kart der straumbrot er markerte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.