Lokal | 20. nov. 2020

To utforkøyringar fredag kveld

Ein bil ligg i grøfta i Søvikåsen.

To utforkøyringar fredag kveld
Denne bilen har vore uheldig på glatt veg over Søvikåsen i dag. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. nov. 2020 14:31

Etter at den første snøen for sesongen landa på vegane i Os torsdag ettermiddag, har det no vore minst tre trafikkuhell.

Torsdag kveld hamna ein bil på sida i Hegglandsdalsvegen, i morgontimane fredag var det frontkollisjon på Søvikvegen.

Ikkje så langt frå Søvikvegen, på Ole Bulls veg over Søvikåsen, ligg ein bil i grøfta.

– Det var ingen folk ved bilen, men det ser ut som om det har skjedd ganske nyleg, fortel tipsar.

Det var svært glatt over Søvikåsen fredag. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Det var svært glatt over Søvikåsen fredag. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Politiet hadde ikkje høyrd om uhellet då Midtsiden tok kontakt, så det er truleg ingen personskade.

OPPDATERT:

Politiet sendte ut ein patrulje. Då var bilførar på staden. Vedkomande forklarte at det var uvanleg glatt nær grøftekanten.

– Bilførar var edru og har sertifikat. Det blei ikkje oppretta sak.

Seinare fredag kveld hamna nok ein bil i grøfta i Søvikåsen. Også denne blei henta av bilbergar.

Nok ein bil måtte hentast opp av grøfta seinare på kvelden.
Nok ein bil måtte hentast opp av grøfta seinare på kvelden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.