Lokal | 12. apr. 2018

– Nøkkelen er at ungdommen styrer

Radøy kommune har «Ungdommens hus» saman med idrettshallen. Kan det vera ei løysing også på Os?

– Nøkkelen er at ungdommen styrer
Steffen Vesthei Sævdal, Marte Vågenes Solheim og Katarina Birkeland fortalde korleis ein har jobba i Radøy (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 12. apr. 2018 10:41

Onsdag ettermiddag inviterte kommunen politikarar, administrasjon, politi, kyrkje, skule, elevråda på ungdomsskulen, ungdomsrådet i Fusa og ungdomsklubben på Radøy til møte i det gamle kommunehuset for å diskutera status for ungdomsarbeid og tiltak for ungdom i Osbygda etter at temaet blei ein heit diskusjon i Oppslagstavlo for Os på facebook.

– Det er eit godt tilbod innan idrett, musikk og andre organiserte aktiviteter, men når vi har spurt dei andre elevane på skulen om kva så manglar, så er svaret ein undomskafé slik at ein har ein stad å vera, kor ein kan kjøpe seg litt mat, brus og slikt til ein rimeleg penge. Det må gjerne vera litt aktiviteter som eit biljardbord eller bordtennisbord der også, fortalde elevråda då dei blei utfordra på kva som mangla.

Må få ungdomsråd opp og gå

Vegard Fosså frå ungdomsrådet i Fusa presenterte korleis dei jobbar i Fusa og utfordra osingane på å få eit ungdområd opp og stå før ungdomsrådet i Bjørnafjorden kommune skal veljast.

– Eg brenn for at vi i Fusa kan få kontakt med elevråda i Os, slik at vi allereie no kan byrje å jobba saman. Ein skal ikkje undervurdera krafta som ligg i eit ungdomsråd, la oss vera eit førbilde, oppmoda Fosså.

160 på ungdomsklubb

Katarina Birkeland, ungdomskoordinator i Radøy kommune hadde med seg Steffen Vestheim Sævdal og Marte Vågenes Solheim frå Radøy ungdomsklubb og Radøy ungdomsråd for å gje osingane eit innblikk i korleis dei jobbar.

– I vinter har vi vore opp mot 160 ungdommar på ungdomsklubben. Vi har ungdommens hus, som eigentlig berre er eit rom bygd på tribunen i idrettshallen, men poenget er at det er ungdommane sitt eige og permanent. Ein treng ikkje rydda ut og inn og det er ungdommane sjølv som har malt dørene til toaletta i blått og rosa og borda i dei same fargene.

– Nettopp det at ungdommane er med å få bestemma både på kva aktiviteter som skal vera og korleis ungdomshuset skal vera er nøkkelen. Ungdommen må få styre, då får dei også eit eigerforhold til klubben. Eg er "berre" sekretær og tek meg av økonomien og er der som ein trygg vaksen. Det er undommane som bestemmer, fortalde Birkeland.

Kontinuitet er viktig

Birkeland blei tilsett i 2011, ungdommens hus blei opna i 2012.

– Det at vi har ein vaksen som alltid er der er viktig. Katarina veit alt om alle, nesten før vi sjølv veit det. Ho er ein vi kan gå til om det er noko og ein tryggheit for ungdommane.

– Det må vera ein vaksen der, men den må tørre å gå ned på ungdommane sitt nivå. Ho skal vera seriøs, men samtides kunne vera useriøs. At ho har vore der heile tida er viktig, fortalde Sævdal og Solheim då dei skulle beskrive viktigheita av å ha ein ungdomskoordinator.

Ein møteplass

Alle tre poengterte at ungdommens hus var ein møteplass. Kvar torsdag frå skulen slutta til ni om kvelden er det klubbkveld med ope hall.

– Det var det vi savna på Radøy. Ein møteplass kor både dei som dreiv med fotball og volleyball og dei som ikkje dreiv med idrett eller anna organisert aktivitet kunne møtast.

– Reglane på klubben, og alle andre arrangement, er tydelege. Det er nulltoleranse for både rus og mobbing.

– Vi hadde litt utfordringar med det i starten. Det var nokre som prøvde seg dei par første åra, men då gjelde det berre å vera strenge og konsekvense. Prøver ein seg så får det konsekvensar, understreka dei tre.

Kan fungera også på Os

Eit paradoks på møtet var at etter at Radøy hadde inspirert osingane, så var det dei vaksne som diskuterte vegen vidare om brukerundersøking og behovet for å byggje opp eit tilbod over tid.

Vi tok difor elevrepresentantane til sides og spurte kva dei tenke om det Radøygjengen hadde presentert.

– Vi eit "ungdomens hus" i den nye hallen på Kuventræ fungera, eller er det for langt unna?

– Det kan det kanskje gjera. Då kan dei som trener på Kuventræ møte dei som ikkje trenar men som berre vil ha ein stad å samlast og kor ein ikkje treng å gjera noko, men berre vera i lag. Gjerne som ein kafé for ungdom, var svaret vi fekk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.