Lokal | 29. jan. 2019

– Nokon har gløymt å lata att porten

Os Røde Kors var i går vertskap for ei stor øving på Søfteland.

– Nokon har gløymt å lata att porten
Os Røde Kors hospiterte ei stor øving på Søfteland i går. Her er dei to «barnehage-barna», Kaia og Aurora funnen etter solid innsats frå dei frivillige mannskapa. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 29. jan. 2019 20:56

Bildeserie:

– Eg har den største respekten for det desse frivillige mannskapa gjer, fortell styrar i Nøtteliten barnehage, Ingvild Vevle Chyba. (Foto: KOG)
– Eg har den største respekten for det desse frivillige mannskapa gjer, fortell styrar i Nøtteliten barnehage, Ingvild Vevle Chyba. (Foto: KOG)
Politiet stilte òg på øvinga i går.  (Foto: KOG)
Politiet stilte òg på øvinga i går. (Foto: KOG)
31 frivillige frå «Område 2» tok del i øvinga.  (Foto: KOG)
31 frivillige frå «Område 2» tok del i øvinga. (Foto: KOG)
Litt påfyll av sukker, og så ut i kuldegradane att.  (Foto: KOG)
Litt påfyll av sukker, og så ut i kuldegradane att. (Foto: KOG)
Operativ leiar i Os Røde Kors, Frank Baggen, styrte regien på øvinga.  (Foto: KOG)
Operativ leiar i Os Røde Kors, Frank Baggen, styrte regien på øvinga. (Foto: KOG)
– Her er jentene, men det veit ingen av mannskapa som er ute no. Dei må leita seg fram til staden, fortel Baggen. (Foto: KOG)
– Her er jentene, men det veit ingen av mannskapa som er ute no. Dei må leita seg fram til staden, fortel Baggen. (Foto: KOG)
Mor til ei av markørene, Benedicte Haugland (t.h), vart spelt inn som, naturleg nok, bekymra pårørande.  (Foto: KOG)
Mor til ei av markørene, Benedicte Haugland (t.h), vart spelt inn som, naturleg nok, bekymra pårørande. (Foto: KOG)
Det ligg mykje logistikk bak eit søk.  (Foto: KOG)
Det ligg mykje logistikk bak eit søk. (Foto: KOG)
– Dette er verdens beste hobby. Sunn er den òg. Annelen Starefoss og Dag Magne Heggem stilte på øvinga frå Bergen Røde Kors Hjelpekorps.  (Foto: KOG)
– Dette er verdens beste hobby. Sunn er den òg. Annelen Starefoss og Dag Magne Heggem stilte på øvinga frå Bergen Røde Kors Hjelpekorps. (Foto: KOG)
Her er dei to «rømlingane» nett funnen, og på veg attende til barnehagen. (Foto: Cecilie Baggen)
Her er dei to «rømlingane» nett funnen, og på veg attende til barnehagen. (Foto: Cecilie Baggen)
Øvinga vart avslutta med debrifing og rom for konstruktiv kritikk.  (Foto: KOG)
Øvinga vart avslutta med debrifing og rom for konstruktiv kritikk. (Foto: KOG)
1 av 11

«Nokon har gløymt å lata att porten - tre ungar er forsvunne frå barnehagen.»

Dette mareritt-scenarioet var utgangspunktet for øvinga som politiet òg stilte med mannskap på.

At det tidlegare på dagen hadde vore ei reell hending med same hendingsforløp på Vallaheiane gjorde øvinga på Søfteland berre endå meir aktuell.

– Stor respekt for det dei gjer

Nøtteliten barnehage var base for øvinga. Styrar i barnehagen, Ingvild Vevle Chyba, var sjølv tilstades under heile øvinga i går kveld.

– Eg har den største respekten for dei frivillige som gjev av fritida si på denne måten. Ei slik hending som dette er ein kvar barnehage sitt verste mareritt, og dette er noko vi heile tida jobbar for at ikkje skal skje. Sjølv om vi som barnehage til ei kvar tid har ungane sin tryggleik som førsteprioritet, er kveldens øving noko vi vil ta med inn i framtidige interne øvingar her i barnehagen.

I tillegg til å gjera barnehagen tilgjengeleg, hadde Vevle Chyba sett fram kaffi, sjokolade og kjeks til dei involverte. Ho spelte òg rolla som barnehagestyrar i øvingsspelet.

Midtsiden spelte seg inn i øvinga - og ut i kulden

Sjølv om artikkelforfattaren i utgangspunktet berre skulle dekka øvinga, vart journalisten fort ein del av heile spelet.

Etterkvart byrja unge politiaspirantar å stussa på kven han var som gjekk rundt med notatblokk og fotoapparat. Før første koppen med kaffi var drukken opp, stod Midtsiden brått på trappa og fraus, med beskjed om at «her får du ikkje vera - vi kjem ut når vi har noko å fortelja deg».

Etterkvart vart det vedteke at Midtsiden no hadde gått over til observatør-status, og vi fekk koma inn att i varmen.

Viktig å øva på samspel

Innsatsleiar frå politiet, Kjetil Hansen, fortel at det frå politiet sin ståstad er viktig med slike øvingar.

– Sjølv om det ved ein reell situasjon ville ha vore eit endå større apparat i sving, er det mykje å henta ut av denne øvinga her i kveld. Alle partar får eit innblikk i korleis dei andre jobbar, og finn vi «feil», har vi her moglegheiten til å korrigera oss for framtidige situasjonar.

– I ein reell situasjon er det høgt tempo og høgt trykk, og då er det godt å veta at vi allereie har øvd på slike situasjonar saman, seier Hansen.

– Har vi nokon som kan snakka med pårørande?

Tidleg i øvinga vert eitt av «borna» funnen. Cecilie Baggen, tilsett i barnehagen og frivilleg i Os Røde Kors, gøymde seg ikkje så langt frå barnehagen.

No manglar det berre to ungar. Ute er det minus seks gradar, og det har allereie gått ein time sidan saknameldinga gjekk ut.

Brått vert det spelt inn eit nytt moment i øvinga.

Inn kjem Benedicte Haugland. Ho er mor til ei av jentene som gøymer seg for leitemannskapene ein eller annan stad på Søfteland.

Haugland vert intervjua av politiet om kor ho trur jentene kan ha gått, og det heile vert spelt med imponerande overtyding frå alle partar.

– No kjem taktskiftet

Klokka 20.30 set operativ leiar i Os Røde Kors, Frank Baggen, opp trykket yttarlegare.

– No speler vi inn to kjappe observasjonar i området Bergstøvegen, kor det vert fortalt at jentene er på veg mot vatnet. Målet er å sjå korleis organisasjonen handterer omstillinga; vi har eit konkret område å søkja i, men samstundes må vi flytta mannskapa. Kombinasjonen barn og vatn bør gje fleire høgare puls no.

Baggen fortel at 29 frivillige mannskap er ute i felten på øvinga, i tillegg til to som deltek i kommandosentralen.

– Os Røde Kors er del av det vi kallar «Område 2» i Hordaland. Fylket er delt opp i fem ulike område, og i kveld har vi med oss mannskap frå Osterøy, Bergen, Fana og Arna/ Åsane på øvinga. Vi rullerer månadleg på å øva i kvarandre sine område. På denne måten får vi lokalkunnskap utover våre eigne heimtrakter, og vi får utveksla erfaringar med kvarandre.

Baggen fortel at dei ulike korpsa består av folk i alle aldrar, men ei interesse for å hjelpa, kombinert med interesse for friluftsliv, er nok det som bind oss saman.

– Dei er funne!

Rett før klokka 21 kjem meldinga alle har venta på. Heilt ytst på eit nes sat dei to «rømlingane».

Vel attende i barnehagen fortel Kaia og Aurora, som fleire påpeiker er veldig store for å vera barnehagebarn, at dei har kost seg med kakao, men at det etterkvart byrja å bli litt kaldt på beina.

Øvinga vert avslutta med ein debrief kor aksjonsleiar, Ruben André Salhus, saman med innsatsleiar frå politiet går gjennom øvinga.

– Eg synest vi hadde god framdrift i kveld, og eg vil takka dykk for ein formidabel innsats, sa Kjetil Hansen.

Etter litt diskusjon i plenum om ulike kartløysingar, og viktigheita av å vera 100 prosent sikker kva for område ein har sjekka, vert det konkludert med at det er langt over leggetid for dei to markørane, og alle legg i veg heim. Nokre erfaringer rikare.

– Eg håper eg aldri må sjå dei her

Med barnehagen nesten tilbake til normalen, treff vi styrar Ingvild Vevle Chyba igjen;

– Eg er så imponert over det eg har sett i kveld. Du er nødt til å skriva at eg sa det.

– At så mange flotte menneske vel å jobba frivillig, er utruleg godt å sjå. Det er godt å veta at dei er der ute, og dei fortener all den honnøren dei kan få. Men sett på spissen; eg håper eg aldri må sjå dei her igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.